Buise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Buise var ein av Dei austfriske øyane i Nordsjøen utanfor Tyskland. Ho vart nesten heilt oppslukt av havet på andre halvdel av 1600-talet. Den einaste gjenverande delen er dei austlege områda, som i dag er kjend som øya Norderney. Buise sjølv vart danna av ei større øy som vart delt i to. To mogelege opphav til Buise er nemnd. Den eine er øya Burchana som braut i to av ein flaum i 1219, og den andre er øya Bant som braut sundt i 1170, og som òg danna Juist, Borkum og Memmert.

Buise braut i to delar i 1362. Den austlege delen vart kalla Osterende og seinare «Norder neye Oog» (Nordens Nye Øy), og er i dag øya Norderney. Den vestlege delen forsvann gradvis på grunn av erosjon. Ein veit ikkje nøyaktig kortid ho forsvann, men det kan ha vore i samband med flaumepisodar i 1651 eller 1690).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°42′26″N 7°08′49″E