Bukkehorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bukkehorn

Svensk bockhorn
KlassifiseringBlåseinstrument
Aerofon

Bukkehorn er eit blåseinstrument laga av hornet til ein geitebukk. Det er kjend som eit norsk folkemusikkinstrument og var opphavleg eit gjetarinstrument brukt til å skremma og signalisera. Etter kvart fekk bukkehorn fingerhol og kunne brukast til å spela enkle melodiar.

Bukkehorn har to blåseteknikkar: trompetprinsippet er det vanlegaste, men også tungehorn, etter klarinettprinsippet, har vore ein del i bruk. Eit eige lag for instrumentet, Norsk Lur-og Bukkehornlag, blei skipa i 1996.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]