Bukking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei japansk kvinne bukker for ein spekkhoggar.

Bukking er ein helsingsgest som skjer ved at ein bøyer overkroppen framover. Eit vanleg bukk er ikkje djupare enn at ein kan halde blikkontakten med den ein helsar på. Når ein helsar på særleg høgtståande personar, bør ein bukke djupare, ved eit djupt bukk kan overkroppen og hovudet danne ein kvartsirkel. Ved nikking bøyer ein hovudet, medan ryggen vert halden rett. Bukket kan ved visse høve verte kombinert med eit handtrykk. Både gutar og jenter, menn og kvinner kan bukke; jenter og kvinner kan i staden velje å neie.

Nikkande engelskmann frå 1600-talet. Etsing av Wenzel Hollar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bukking har røter attende til oldtida. I det gamle Egypt helsa ein stormenn ved å bøye seg heilt ned og kysse jorda. Gjennom det gamle Hellas kom skikken med djup bukking til Europa. Enno er det slik at dess meir høgtståande folk ein helsar på, dess djupare bukkar ein.

I dag er bukking utbreidd som helsingsmåte i Aust-Asia, men er mindre vanleg i Europa. Her er det likevel framleis vanleg for artistar, som skodespelarar eller dansarar, å bukka etter ei framsyning.

Thailandske dansarar i ulike stadium av bukking etter ei framsyning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bukking