Bukowicafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bukowicafjella
fjell
Nordtoppen
Land  Polen
Fjellkjede Dei låge Beskidane - Pogórze Bukowskie
Høgd Tokarnia, 778 moh.
Kart
Bukowicafjella
49°27′46″N 22°04′17″E / 49.46277778°N 22.07138889°E / 49.46277778; 22.07138889
Wikimedia Commons: Bukowica

Bukowicafjella (polsk Pasmo Bukowicy) er ein del av Pogórze Bukowskie og Dei låge Beskidane sør i Polen. Bukowica ligg i den austlege delen av Dei låge Beskidane mellom dalane til elvane Wisłok and Osławica. Bukowica fjella skil dei vestlege låge Beskidane frå dei austlege Pogórze Bukowskie.

Ho består av ein større rygg kalla Bukowica med toppane Skibce (776 moh) i nordvest og Tokarnia (777 moh) i søraust og den mindre ryggen Kamien (718 moh). Bukowica har forholdsvis jamne fjellsider og er dekkav skog, bortsett frå på toppen av Tokarnia, der ein har flott utsyn i alle retningar. Den sørlege delen er ein bratt fjellvegg, medan dei andre fjellsidene er langt slakare.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

  • Tokarnia (778 m.)
  • Zrubań (778 m.)
  • Kamień (717 m.)
  • Kiczera (640 m.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.