Bulandet
| Bulandet | |
|---|---|
Nyevegen på Bulandet med Alden i bakgrunnen |
|
| Geografi | |
| Stad | Sunnfjord |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tal på øyar | ca. 300 |
| Store øyar | 15 |
| Høgaste punkt | 43 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Demografi | |
| Folketal | 260 |
Bulandet, tidlegare kalla Bue, er ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune. Det er rundt 300 øyer, holmar og skjer i gruppa, ofte blir det sagt talet på dei er 365. Dei rundt 260 personane som bur i Bulandet held til på rundt 15 av øyane. Namnet «Bulandet» kjem av «bu», som i «rorbu» eller «sjøbu». Området er også blitt omtalt som Noreg eller Vestlandet sitt svar på Venezia.
Etter at aktiviteten på Utvær i Solund kommune tok slutt er Bulandet det vestlegaste levande fiskeværet i Noreg. Hovudnæringa er framleis fiske og fiskeforedling, men turisme gjev òg arbeid og innkome og er ein næringsveg i vekst. Det er barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule på Bulandet, der òg ungane frå Værlandet går.
[endre] Kommunikasjon
I 2003 vart veg- og bruanlegget kalla «Nordsjøporten» opna. Tidlegare var det ferjesamband frå Askvoll/Fure/Værlandet til Bulandet, no går ferja til Værlandet og derfrå er det veg- og brusamband til Bulandet. Nordsjøportenanlegget er på tilsaman 6 nye bruer og 5240 meter ny veg.
[endre] Soge
Øyane er bygd opp av sandstein frå devontida.
Bulandet var hamn for seglingar mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen], og blei utsett for ein tysk straffeekspedisjon.
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «Bulandet»
- Bulandet ved batmagasinet.no
- [1] ved bulandsferie.no
- Bulandet - Venezia i vest ved batmagasinet.no
Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.