Bulgarian Beach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°38′12″S 60°21′36″W
Bulgarian Beach
strand
none  Sinemorets Hill og St. Kliment Ohridski-basen på Bulgarian Beach.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Livingston Island
 - koordinatar 62°38′12″S 60°21′36″W
Administrert under Antarktistraktaten
Bulgarian Beach is located in Antarktis
Bulgarian Beach (Antarktis)

Bulgarian Beach (Balgarsko Kraybrezhie) er ein kyst nord på Hurd Peninsula, aust på Livingston Island, som strekkjer seg 2,3 km frå Hespérides Point i sørvest til Perunikabreen i nordaust, og dannar søraustkysten av Emona Anchorage.

Bulgarian Beach og Balkan snøfelt frå toppen av Mount Friesland, med Castillo Nunatak i framgrunnen.

Stranda består av fire hovudsakleg steinstrender skild av ei klippe som lokalt vert kalla Greenpeace Rock. Denne er seks meter høg og ligg 800 meter nordaust for Hespérides Point ved Spanish Point og av eit mindre namnlaust nes som ligg 400 m nordaust for sistnemnde. Den siste stranda er ei smal stripe under klippa som er ein de av Perunikabreen. Bulgarian Beach ligg nedanfor ei rekkje på dei fem åsane Hesperides Hill, Pesyakov Hill, Sinemorets Hill, Spanish Knoll og Belozem Hill. Om sommaren er området stort sett snøfritt og vert kryssa av fire bekkar som drenerer nordvestsida av Balkan snøfelt. Ved den første stranda, lokalt kalla Base Beach, ligg delvis Grand Lagoon som vert danna av Rezovski Creek.

Området var kjend og truleg vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som vitja South Bay og særleg den nærliggande Johnsons Dock.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]