Bullaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bullaren i Bohuslän

Bullaren, òg kalla Bullarebygden, er ei bygd i det nordre Bohuslän. Han har tidlegare vore både Bullarens härad og Bullarens kommun, men er no den nordaustre delen av Tanums kommun.

Bullarebygden er eit jord- og skogsbrukslandskap, med dei langstrakte Bullaresjøane frå nord til sør, der òg busetnaden er konsentrert. I aust grenser bygda naturleg til Kynnefjäll frå Sörbygden i Munkedals kommun, og til Kornsjöarna frå Dalsland. I nord grensar Bullaren til Noreg, der Norra Bullaresjön renn ut i Enningdalselva. Hovedbyen i bygda er Östad, som var tingstad fram til 1903. Ein tidlegare tingstad har eksistert i Tingvall nokre kilometer mot sør.

Bullarens härad bestod av sokna, seinare kommunane, Naverstad og Mo. Bullarens kommun vart oppretta ved den svenske kommunereformen i 1952, ved at dei to kommunane i heradet vart slått saman. Kommunen eksisterte frå til 1971 då han vart innlema i Tanums kommune.

Innlandslandskapet i Bullarebygden skil seg frå og er mindre kjent enn øvrige delar av Bohuslän, men trekkjer likevel til seg turistar. Blant attraksjonane kan nemnast Naverstad kyrkje frå mellomalderen, Bullaren dyrepark, Älgafallet og Olsborg slottsruin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°47′54″N 11°33′30″E