Bullarens skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bullarens (Borderne) skipreide var ei skipreide i nordre delen av Båhuslen. Ho femna om soknene Naverstad og Mo, som dessutan utgjorde Naverstad prestegjeld saman med Enningdal sokn i Idd skipreide.

Etter freden i Roskilde i 1658 vart det spørsmål om viss Enningdal skulle følgje med da Båhuslen gjekk over til svensk territorium. Det vart avgjord at grensa skulle følgje den sivile inndelinga (skipreida), og ikkje den geistlege (prestegjeldet), og Enningdal vart att i Noreg. Som følgje av overgangen til Sverige vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Bullarens skipreide vart omskipa til Bullarens härad. I dag utgjer det austre delen av Tanums kommun.