Buna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buna eller Bojana
Elvemunningen sett frå lufta.
Elvemunningen sett frå lufta.
Utspring Shkodërinnsjøen
- Høgd 6 m
Land i nedslagsfelt Albania, Montenegro
Lengd 41 km
Middelvassføring 352 m³/s
Nedslagsfelt 5 187 km²
Sideelvar Drin
Renn gjennom Shkodër
Buna/Bojana nær Ada Bojana

Buna (på albansk) eller Bojana (på serbisk, kyrillisk: Бојана) er ei 41 km lang elv i Albania og Montenegro som renn frå Shkodërinnsjøen til Adriaterhavet. I lag med elva Morača som er hovudkjelda til innsjøen, er heile systemet 183 km langt.

Buna i Albania[endre | endre wikiteksten]

Buna/Bojana var tidlegare lengre, men sidan vassnivået i Shkodërinnsjøen har stige er den øvre delen av elva no under overflata på innsjøen. Elva flyt først vestover, men etter eit par kilometer når ho byen Shkodër og snur sørvestover. Like sør for byen møter Buna den viktigaste sidelva si, Drin, som vart ei sideelv etter ein stor flaum i 1858 då den endra retning. I dag fører Drin ti gonger meir vatn til elva enn Buna sjølv (320 m³/s). Etter å ha strøyma rundt fjelltoppen Tarabosj, passerer ho landsbyane Zues, Berdica, Oblika, Obot, Dajç og Gorica, og så etter 20 km danna ho grensa mellom Albania og Montenegro.

Grenseelv og munning[endre | endre wikiteksten]

Grensedelen av elva utgjer 24 km, og Buna/Bojana bukter seg nedover. Ho strøymer rundt innsjøane Šasko jezero og Zogajsko blato, som begge er i Montenegro. Busetnadar langs denne delen av elva er Sveti Đorđe og Reč på Montenegrosida, og Luarza og Pulaj på den albanske sida. Området rundt denne delen av elva er lågt og myraktig.

Ved munningen ut i Adriaterhavet dannar Bojana/Buna eit lite delta med to armar, og den venstre delen av elva dannar grensa med Albania, og den høgre med øya mellom armane, er ein del av Montenegro. Øya heiter Ada Bojana. Ho vart angiveleg danna då eit skip forliste her på 1800-talet, og dekkjer no eit område på 6 km³, og er den største øya i Montenegro. Feriestaden Sveti Nikola («St. Nicholas») ligg like ved, og er eit stort senter for nudisme langs Adriaterhavet.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Sjøv om ho er kort har Buna/Bojana eit ganske stort nedslagsfelt som dekkjer 5 187 km², sidan heile nedslagsfeltet til Shkodërinnsjøen, som er den største innsjøen i Søraust-Europa, òg er ein del av det. I tillegg får ho mykje vatn frå sideelva Drin, og dette gjer at elva er det nest største tilløpet til Adriaterhavet, etter Poelva i Italia.

Det er mogeleg med transport langs heile Buna/Bojana, avhengig av storleiken på båten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve, Prosveta, 1985, ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković, Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije, Svjetlost-Sarajevo, 1990, ISBN 86-01-02651-6