Bunad- og folkedraktrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bunad- og folkedraktrådet er ein nasjonal institusjon som arbeider for å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane.

Institusjonen omfattar eit fagråd oppnemnt av Kultur og kyrkjedepartementet og seksjonen Bunad- og folkedraktrådet ved Valdresmusea AS. Fagrådet er eit fagleg rådgjevande organ for seksjonen.

Bunad og Folkedraktrådet sine oppgåver er: – Bygge opp og forvalte arkiv med draktregistreringar og anna dokumentasjon knytt til folkedrakt og bunad. – Formidle informasjon og stille innsamla materiale til rådvelde for dei som arbeider med draktspørsmål. – Gje råd ved rekonstruksjon eller revisjon av bunader

Bunad- og folkedraktrådet held til på Fagernes, i same bygg som Valdres Folkemuseum.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Forgjengaren til Bunad- og folkedraktrådet kom i 1947 då Statens Bunadsnemnd vart oppretta. Med ei omorganisering i 1955, vart namnet endra til Landsnemnda for Bunadsspørsmål. I 1967 vart nemnda heilt omorganisert, fekk eige sekretariat og nye statuttar. Det vart bestemt at nemnda skulle settast saman av fagpersonar med vitskapeleg kompetanse, og at dei berre skulle uttale seg om bunader som var bygd på folkedrakter. I 1986 var namnet omgjort frå Landsnemnda for Bunadsspørsmål til Bunad- og folkedraktrådet.

01.01.2008 blei Bunad- og folkedraktrådet avvikla som statleg institusjon og sekretariatet lagt til Valdresmusea som ein integrert del av drifta ved museet. Administrasjonen blei innlemma i museumsadministrasjonen og det vart oppretta ei ny fagstilling som seksjonsleiar som skal leie det faglege arbeidet. Dei landsomfattande oppgåvene og ordninga med eit fagråd oppnemnd av Kultur- og kyrkjedepartementet vidareførast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]