Bund Deutscher Mädel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bund Deutscher Mädel (BDM) var ein tysk nasjonalsosialistisk ungdomsorganisasjon for jenter frå 14 til 18 år. Ei omsetting av namnet til norsk ville kunne vera «tysk jentesamband». Organisasjonen eksisterte om lag frå 1930 til 1945. I 1931 vart BDM del av Hitlerjugend. Ein tilsvarande organisasjon i Noreg var Gjentehirden.

Oppgåva til BDM var å førebu jentene til full innsats for «folk, førar og stat». Jentene skulle formast inn i det nasjonalsosialistiske synet på verda. Særleg vart det lagt vekt på kroppspleie og morsrolla til kvinna. Kvinna si viktigaste rolle innan nasjonalsosialismen var nett rolla som mor. Ei god mor fødde mange guteborn. Gutane kunne verta soldatar og kjempa for nasjonalsosialismen si sak.

Organisasjonen kunne på mange måtar minna om speidarrørsla. Han var bygd opp rundt naturopplevingar, sommarleirar og andre tiltrekkande aktivitetar.

Etter «Lov om Hitlerjugend» av 1. desember 1936 vart alle tyske ungdomar omfatta eller meld inn i Hitlerjugend. Dermed vart medlemsskap i BDM obligatorisk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]