Bundeli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bundeli
(Bundelkhandi)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   vestleg hindi
    bundeli
Bruk
Tala i: Hovudsakleg India
Område: Asia
Bundelitalande i alt: 644 000 (1997)
Skriftsystem: Devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i: India
Språkkodar
ISO 639-2: bns
ISO 639-3: bns

Bundeli er eit vestleg hindispråk, ofte rekna som ein dialekt av hindi, som blir tala i Bundelkhand i Madhya Pradesh og i Uttar Pradesh.

Det blei skrive mykje viktig litteratur på bundeli i mellomalderen. Alhakhand og dikt av Bhaddari er nokre døme.

Bundeli har blitt noko påverka av nabospråk, som marathi, men svarer i hovudsak til dei kanaudji og bradjbhakha, som er nært i slekt.

Språket skil seg frå slektningane sine mellom anna med hannkjønnsendinga /o:/ og ved at h mellom vokalar har falle bort (slik at t.d. kahi blir til kai).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]