Bure i Norfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bure
elv
none  Bure nær Wroxham
Bure nær Wroxham
Land Flag of England.svg England
Kjelde nær Aylsham
Munning Breydon Water, Great Yarmouth
Lengd 80 km

Bure (uttalast som burr) er ei elv i Norfolk i England. Det meste av ho er innanfor nasjonalparken The Broads.

Elva har utspringet sitt nær Aylsham, og var tidlegare farbar heilt dit. Ho er no farbar til brua ved Coltishall, omkring 16 km lenger ned. Ho passerer eller renn gjennom Buxton Lamas, Coltishall, Belaugh, Wroxham, Horning, Ludham Bridge, St. Beinet's Abbey, Oby, Acle og Stokesby, og renn så langs nordsida av Halvergate Marshes, gjennom Runham og møter Breydon Water ved Great Yarmouth. Rett nedanfor Breydon Water renn ho inn i Yare, som går ut i havet mellom Great Yarmouth og Gorleston.

Bure har to sideelvar, Thurne og Ant. Det er òg ein mindre vassveg som knyt ho til Trinity Broads.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]