Burgan er eit oljefelt i ørkenen søraust i Kuwait. Feltet er rekna som eit av dei oljefelta i verda med mest oljeressursar. I tillegg er det lett å utvinna olje, i og med at olja tilnærma flyt opp av seg sjølv. Burganfeltet har gjort at Kuwait er eit av dei landa i verda som eksporterer mest olje.