Burgenland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Hovudstad | Eisenstadt | ||||
| Flatevidd
- Rangering i Austerrike |
3 965 km² 7. |
||||
| Folketal (2001) - Rangering i Austerrike |
277 569 9. |
||||
| Grunnlagd | 1921 | ||||
| Offisielle språk | Tysk, burgenlandkroatisk, ungarsk | ||||
| Landeshauptmann | Hans Niessl (SPÖ) | ||||
| Nettstad | www.burgenland.at | ||||
|
|||||
Burgenland (burgenlandkroatisk Gradišće) er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Eisenstadt, arealet er 3 965 km² og folketalet 277 569 (2001). Det er det minst folkerike austerrikske forbundslandet. Burgenland ligg heilt aust i Austerrike, og strekkjer seg langs grensa til Ungarn, med ei kort grense mot Slovakia i nord og Slovenia i sør. Burgenland vart danna i 1921 av tysktalande område som hadde høyrt til den ungarske delen av Austerrike-Ungarn.