Burjatisk
| Burjatisk (Буряад Burjaad) |
||
| Klassifisering: | Altaisk (omstridt) Mongolsk Nordmongolsk Burjatisk |
|
| Talarar: | burjatar | |
| Bruk | ||
| Tala i: | ||
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | bua | |
| ISO 639-3: | bua – burjatisk (generisk) bxm – mongolsk burjatisk |
|
| Wikipedia på burjatisk | ||
Burjatisk er eit mongolsk språk tala av burjatar i Russland, Kina og Mongolia. Det bur rundt 218 600 burjatisktalende menneske i Russland (2010),[1] rundt 65 000 i Kina, og like mange i Mongolia. Burjatisk er offisielt språk i republikken Burjatia i Russland. Språket har sterk innverknad frå russisk.
Innhaldsliste |
Fonologi [endre]
Burjatisk har vokalfonema /i, ə, e, a, u, ʊ, o, ɔ/ (og eit par diftongar),[2] kort /e/ er realisert som [ɯ], og konsonantfonema /b, g, d, th, m, n, x, l, r/ (alle med eit tilsvarande palatalisert fonem) og /s, ʃ, h, j/.[3] Vokalane er underlagt vokalharmoni.[4] Den grunnleggjande stavingsstrukturen er (C)V(C), i hurtig tale kan det vere apokope, og dermed CC ordfinalt.[5]
Trykk [endre]
Leksikalsk trykk fell på siste tunge ikkjefinale staving, viss den eksisterer. Viss ikkje fell trykket på ordinitial trykksterk staving, der det eksisterer. Viss det ikkje finst tunge stavingar får ordet initialtrykk. Tunge stavingar utan hovudtrykk får bitrykk:[6]
-
ˌHˈHL [ˌøːɡˈʃøːxe] "å vere modig" LˌHˈHL [naˌmaːˈtuːlxa] "å få til å bli dekka av lauv" ˌHLˌHˈHL [ˌbuːzaˌnuːˈdiːje] "dampa mjølboller (akkusativ)" ˌHˈHLLL [ˌtaːˈruːlaɡdaxa] "å bli van til" ˈHˌH [ˈboːˌsoː] "veddemål" LˈHˌH [daˈlaiˌɡaːr] "til sjøs" LˈHLˌH [xuˈdaːliŋɡˌdaː] "til svigerforeldra" LˌHˈHˌH [daˌlaiˈɡaːˌraː] "ved sin eigen sjø" ˌHLˈHˌH [ˌxyːxenˈɡeːˌreː] "ved si eiga jente" LˈH [xaˈdaːr] "gjennom fjellet" ˈLL [ˈxada] "fjell"[7]
Kjelder [endre]
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta søndag 1. mai 2011, klokka 22:30.
Fotnotar [endre]
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
- ↑ Poppe 1960: 8
- ↑ Svantesson et al. 2005ː 146; statusen til [ŋ] er problematisk, sjå Skribnik 2003: 107.
- ↑ Skribnik 2003: 107
- ↑ Poppe 1960: 13-14
- ↑ Walker 1997
- ↑ Walker 1997: 27-28
Bakgrunnsstoff [endre]
- Buriat - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).
|
|
|
|---|---|
| Klassisk mongolsk språk · Mongolsk · Dagursk · Monguorsk · Guluighursk · Pao-an · Santa · Oiratsk · Kalmyksk · Burjatisk · Khalkamongolsk · Khorchinsk · Ordos |