Burnaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burnaja
Threshold of Padunets on the river of Stormy.JPG
Munning Ladoga
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 10 km

Burnaja (russisk Бу́рная, finsk Taipaleenjoki) er ei elv i Leningrad oblast RusslandDet karelske neset. Elva renn frå innsjøen Sukhodolskoje til innsjøen Ladoga og er ein del av nedslagsfeltet til Vuoksen. Før vinterkrigen og den finske framhaldskrigen låg elva i Finland og vart kalla Taipaleenjoki.

Opphavleg rann vatnet frå Suvantosjøen (Sukhodolskoje) roleg inn i Vuoksen via vassvegen ved Kiviniemi. I 1818 vart kanelen grave ut for å drenere vatn under vårflaumen frå Suvanto inn i Viisijoki til Ladoga, og kanalen vart uforventa omvandla til Taipaleenjoki. Dette førte til at Suvantosjøen mista mykje vatn og vassnivået fall sju meter. Vassvegen i Kiviniemi tørka inn. I 1857 vart det grave ein kanal der, men elva rann då andre vegen med mange stryk som gjorde transport til Kiviniem umogeleg. Etter 1857 har Sukhodolskoje og Burnaja utgjort den sørlege greina av Vuoksen, noko som har ført til mindre vassføring i den nordlege greina gjennom Priozersk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]