Burnaslagunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 45°50′N 30°07′E
Burnaslagunen
lagune
none  Kysten ved Burnaslagunen nær landsbyen Tuzly
Kysten ved Burnaslagunen nær landsbyen Tuzly
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
By Lebedivka, Tuzly
stad Svartehavet
 - koordinatar 45°50′N 30°07′E
Lengd km
Breidde 1-3 km
Saltinnhald ~30 ‰
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg

Burnaslagunen (ukrainsk Бурнас, rumensk Limanul Burnas) er ein marin lagune (eller liman) sør i Ukraina i Tatarbunary rajon i Odessa oblast. Saltinnhaldet i lagunen er dobbelt så høgt som i Svartehavet. Laugnen har samband til sjøen via eit system av kanalar. Lagunen er kring 7 km lang og 1-3 km brei. Nord i lagunen er han knytt til innsjøen Solone, i nordvest til Kurudiollagunen. Kjelda til lagunen lagune er vatn frå Svartehavet og elva Alkalija og vatnet renn vidare til Solone.

Den peloide kurstaden Lebedivka ligg på nordkysten av Burnaslagunen.

Breidda av lagunen vert nytta av fuglar til hekking. Systemet av lagunane med SasykSjaganyAlibey — Burnas har status som internasjonalt våtmarksreservat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]