Burnham i Buckinghamshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Burnham

Old Five Bells
Old Five Bells
Plassering
Burnham i Buckinghamshire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt South Bucks
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

11 512
Koordinatar 51°32′″N 0°40′″WKoordinatar: 51°32′″N 0°40′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SL1
Telefon-retningsnummer 01628
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burnham i Buckinghamshire

Burnham er ein by i Buckinghamshire i England. Han ligg ved Themsen på grensa til Berkshire, mellom Maidenhead og Slough. Sistnemnde byen og Burnham har tildels vakse inn i kvarandre, og Burnham blir ofte rekna som ein forstad til Slough. Han har likevel verna mykje av den eldre karakteren sin.

Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder «bustaden ved ei elv». Han er først nemnt i Domesday Book (1086) som Burneham, med ein herregard som høyrde til Walter Fitz-Other.

Burnham var lengje ein viktig kjøpstad, sidan vegen mellom London og Bath, no A4, gjekk gjennom byen. I 1271 vart det innvilga rettar for ein marknad og ein årleg festival. Då brua over Themsen i Maidenhead vart opna vart vegtraséen lagt om, og marknaden vart flytta til Maidenhead. Dette førde til ein lang nedgangsperiode.

I 1265 vart eit benediktinarkloster grunnlagt i Burnham. Det vart nedlagt ved oppløysinga av klostra i England under Henrik VIII, og det som er igjen av bygningane er no del av eit kontorkompleks.

Utanfor byen ligg Burnham Beeches, eit urskogområde.

Soknet Burnham inkluderte tidlegare dei små landsbyane Boveney, Cippenham, Britwell og East Burnham, men dei blir no rekna som sjølvstendige landsbyar. Soknekyrkja i Burnham er vigd til St. Peter.

Burnham stasjon tener hovudlinja mellom London og Reading.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]