Burt Bacharach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burt Bacharach i 2008

Burt Bacharach (fødd 12. mai 1928) er ein US-amerikansk komponist og pianist, som er særleg kjend for ei rekke populære melodiar frå 1960-åra, der Hal David skreiv tekstane. Han er fødd i Kansas City i Missouri, men voks opp i New York City.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bacharach studerte musikk på universitet og konservatorium i Montreal, New York City og Santa Barbara. På 1950-talet og tidleg i 1960-åra ernærte han seg som pianist, orkesterleiar og arrangør for Marlene Dietrich, som han også reiste på turné med.

Bacharach møtte i 1957 lyrikaren Hal David, som han snart byrja eit partnerskap med. Bacharach stod for det musikalske, David det tekstlege. Allereie same året fekk paret eit gjennombrot med songen The Story of My Life, som framført av Marty Robbins gjekk til topps på hitlista for countrymusikk i USA . Suksessen heldt fram med songar til Perry Como og Johnny Mathis. I 1962 møtte Bacharach Dionne Warwick, som kom til å verte nært knytt til Bacharach og David. Ho fekk nesten 40 songar, som anten var skrive av Bacharach og David, eller produsert av Bacharach.

I løpet av 1960-åra oppnådde Bacharach stjernestatus som komponist av popmelodiar. The Beatles, Aretha Franklin, Tom Jones, Dusty Springfield, The Drifters og Jackie DeShannon var mellom dei artistane som spelte inn av komposisjonane hans. Fleire av melodiane hans vart òg spelt inn i jazz- og rock-versjonar. Stan Getz er eit døme frå jazzen, eit anna døme er rockegruppa Manfred Mann.

Bacharach fekk fleire oppdrag som filmkomponist, og han skreiv musikk til kjende filmar. Også her kom han opp med songar som vart store hits. Raindrops Keep Fallin' on My Head, frå filmen Butch Cassidy and the Sundance Kid, er kanskje det mest kjende dømet. Både for denne songen og for Arthur's Theme (BestThat You Can Do) i filmen Arthur, fekk han Oscar for beste filmmelodi.

Tidleg på 1980-talet innleia Bacharach samarbeid, og inngjekk ekteskap, med tekstforfattaren Carol Bayer Sager. Det vart til fleire hits, den største var That's What Friends Are For, som i 1985 vart ei giganthit for Dionne Warwick. På store konsertar i løpet av 1990-åra, arbeidde Bacharach som orkesterleiar for Warwick. Musikken hans fekk nye element, som viste at han var komen vidare frå dei store åra på 1960-talet. Samstundes tok unge kunstnarar oppatt dei gamle melodiane hans.

Frå tid til anna har Bacharach laga tv-show med ei rekke gjestesolistar.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Bacharach musikk er prega av uvanlege akkordprogresjonar, slåande synkoperte rytmiske mønster, uregelmessig frasering, og skiftande metrum. Bacharach har arrangert, dirigert og co-produsert ein stor del av dei musikkverka han har arbeidd med.

Eit døme på den særeigne bruken av skiftande metrum finn ein i Promises, Promises. Stilen hans er ofte knytt opp mot spesielle instrumentale kombinasjonar, der han i stor grad nyttar musikkinstrument som han synest å ha likt, som til dømes bruken av flygelhorn i verk som Walk on By, Nikki, og Toledo.

I 2006 stod Bacharach registrert med 70 ulike songar som gjennom åra hadde vore inne på topp 40-lista i USA.

Utvalde melodiar[endre | endre wikiteksten]

Bacharach har skrive ei mengd melodiar som har vorte hits. Her med dei aktuelle artistane og versjonane i parantes.

  • Baby It's You. (The Shirelles 1961, The Beatles 1963)
  • Anyone Who Had a Heart. (Dionne Warwick 1963, Dusty Springfield 1964, Luther Vandross 1986)
  • Close to You. (Richard Chamberlain 1963, Warwick 1965, The Carpenters 1970)
  • Wishin' and Hoping. (Warwick 1963, Springfield 1964)
  • Walk on By. (Warwick 1964, Isaac Hayes 1970, The Stranglers 1978)
  • What the World Needs Now Is Love. (Jackie DeShannon 1965)
  • What's New Pussycat?. (Tom Jones 1965)
  • Alfie. (Cilla Black 1966, Cher 1966, Warwick 1967)
  • I Say A Little Prayer. (Warwick 1967, Aretha Franklin 1968)
  • This Guy's in Love with You. (Herb Alpert & the Tijuana Brass 1968)
  • Do You Know the Way to San Jose?. (Warwick 1968)
  • Raindrops Keep Fallin' on My Head. (B. J. Thomas 1969, Johnny Mathis 1969)
  • I'll Never Fall in Love Again. (Warwick 1969, Bobbie Gentry 1969)
  • That's What Friends Are For. (Rod Stewart 1982, Warwick 1985)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]