Burzum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burzum
Varg Vikernes.jpg
Opphav Bergen i Noreg
Sjanger Svartmetall, Mørk ambient
Aktive år 1989-i dag
Plateselskap Deathlike Silence Productions
Misanthropy Records
Byelobog Productions
Nettside www.burzum.org
Medlemmer
Count Grishnack
Tidlegare medlemmer
Euronymous (1992)
Samoth (1993)


Burzum er soloprosjektet til Varg Vikernes, som starta 1989 i Bergen. Han har til nyleg vore fengsla for eit drap og kyrkjebrannar utførd på 90-talet.

Logoen åt Burzum


Innhaldsliste

[endre] Bakgrunn

Vikernes hadde spelt gitar i rundt to år, og i 1988 starta han bandet Kalashnikov (som òg er kallenamnet til rilfa AK-47) med to andre kameratar. Dei var interessert i trolldom, vikinghistorie og fantasybøker, spesielt boka Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Dette hadde ein stor påverknad på hans musikk i seinare tid. Vikernes kalla seg for Count Grishnack, ein greve og ork i Ringdrotten.

Burzum-logo, brukt på dei fyrste demoane hans.

Året etter vart han med i Old Funeral, og la fantasyinteressa bak seg. Dette svartmetallbandet blei splitta i 1992 til Immortal og Burzum. Allereie før splittinga hadde han spelt inn to demoar, Burzum Demo I og Burzum Demo II. Med desse demoane hadde han fått interesse frå Euronymos, gitaristen i Mayhem, og fekk då platekontrakt med plateselskapet hans. Vikernes var på ingen måte misnøgd med Old Funeral-splittet, sidan han tykte musikken vart for death metal, noko han såg som keisamt. I tillegg følte han ei fridomskjensle med at han kunne laga akkurat den musikken han ville, utan direkte påverknad. Han byrja tidleg på Burzum, det første studioalbumet, som vart spelt inn i Grieghallen januar 1992. Burzum vart òg namnet til einmannsbandet, tyder lyset for hedningar og mørket for truande (kristne).

[endre] Diskografi

[endre] Demoar, promoar og EP-ar

  • Burzum Demo I (1991)
  • Burzum Demo II (1991)
  • Burzum Promo (1992)
  • Aske (1993)

[endre] Studioalbum

[endre] Samlealbum

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk