Busksporvfamilien
| Busksporvfamilien | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Emberizidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Emberizidae | ||
Busksporvar (Emberizidae) er ein familie av sporvefuglar.
Busksporvane er små fuglar, typisk rundt 15 cm i lengd, med finkeliknande, kjegleforma nebb og ni primærfjør. Hannane er sterkare farga enn hoene. Variasjon i storleik spenner frå frøetarar, Sporophila, ei slekt av mindre artar som er ca. 10 cm og veg 9-10 gram, via masketovi, Pipilo aberti, på 24 cm, til den korthala fyldige ravinetovi, Pipilo fuscus på 54 gram. Busksporvane lever i ei rekkje habitat, inkludert skogsterreng, krattskog, myr og grasland. Artane i «den nye verda» har typisk brunstripa fjørdrakt, sjølv om einskilde artar i Amerika kan ha særs lys drakt. Mange arter har karakteristiske mønstre på hovudet. Dietten består hovudsakleg av frø, men insekt kan supplere maten, spesielt som ungefôr.
Leveviset til Emberizidae og finkane, Fringillidae har stor likskap, og eldre kjelder plasserer somme busksporvar i Fringillidae. Det forklarar kvifor vanlege namn på nokre busksporvar har eit siste ledd 'finch' på engelsk språk.
Innhaldsliste |
[endre] Taksonomi
Akkurat som for fleire andre familiar i Passeriformes, er klassifiseringa i Emberizidae i endring. Mange slekter i Sør-Amerika og Sentral-Amerika viser seg å vere tettare knyttet til ulike «klader» tanagarar, [1][2][3] og minst ei slekt (Chlorospingus) i tanagarfamilien kan høre inn her i Emberizidae. Ei kjelde frå 1978 [4] inkluderer artar i Emberizidae som i dag er skilt ut som tanagarar og kardinalar. Den gong var talet på artar rekna å vere mellom 500 og 600, i dag er det 300 til 350 artar i Emberizidae. Andre nære slektningar til busksporvar er familiane parulaer, Parulidae, banansmett, Coerebidae og trupialar, Icteridae. [5]
[endre] Artar i Noreg
I Noreg hekkar:
- Lappsporv Calcarius lapponicus
- Snøsporv Plectrophenax nivalis
- Gulsporv Emberiza citrinella
- Hortulan Emberiza hortulana
- Viersporv Emberiza rustica
- Dvergsporv Emberiza pusilla
- Sivsporv Emberiza schoeniclus
Sibirsporv Emberiza aureola, brunhovudsporv Emberiza bruniceps og svarthovudsporv Emberiza melanocephala er sjeldne gjestar. Kornsporv Milaria calandra hekka på Jæren og Lista i siste halvdel av 1800-talet.
[endre] Referansar
[endre] Notar
- ↑ Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein, 2002. Phylogenetic relationships and morphological diversity in Darwin's finches and their relatives. Evolution 56 (6). 1240-1252.
- ↑ Lougheed, S.C., J.R. Freeland, P. Handford & P.T. Boag. 2000. A molecular phylogeny of warbling-finches (Poospiza): paraphyly in a Neotropical emberizid genus. Mol. Phylogenet. Evol. 17: 367-378.
- ↑ Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein. 2003. Phylogenetic relationships of Neotropical honeycreepers and the evolution of feeding morphology. J. Avian Biology 34: 360-370.
- ↑ Cameron & Harrison Bird Families of the World, Harry N. Abrams Inc, New York (1978)
- ↑ University of Michigan Museum of Zoology: Skildring av Emberizidae
[endre] Kjelder
- Delar av artikkelen er omsett frå engelsk wikipediaartikkel Emberizidae