Buttermere

Koordinatar: 54°32′N 3°16′W / 54.533°N 3.267°W / 54.533; -3.267
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buttermere
innsjø
Fleetwith Pike i bakgrunnen
Land  Storbritannia
Tilsig Gatesgarthdale Beck
Utløp Buttermere Dubs
Høgd over havet 100 moh.
Lengd km
Breidd 0,57 km
Areal 0,93 km²
Største djupn 23 m
Kystlengd1 5,35 km
Koordinatar 54°32′N 3°16′W / 54.533°N 3.267°W / 54.533; -3.267
Øyar 1
Kart
Buttermere
54°32′00″N 3°16′00″W / 54.533333333333°N 3.2666666666667°W / 54.533333333333; -3.2666666666667
Wikimedia Commons: Buttermere
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Buttermere er ein innsjø i Lake District i England. Landsbyen Buttermere har fått namn etter innsjøen. Historisk har innsjøen høyrt til grevskapet Cumberland, men ligg i dag i grevskapet Cumbria. Han er eigd av National Trust.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen er 2 km lang og litt over 500 meter brei, og på det djupaste 23 meter. Han ligg 100 meter over havet. Innsjøen ligg øvst i dalen til elva Cocker og er omgjeve av bratte fjell, mellom anna High Stile i sørvest, Robinson i nordaust, Fleetwith Pike og Haystacks i søraust og Grasmoor i nordvest.

Landsbyen Buttermere ligg ved nordvestenden av innsjøen. Det går ein 7 km lang sti rundt innsjøen.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det er to mogelege opphav til namnet Buttermere. Den eine tydinga er at namnet tyder «innsjøen ved mjølkebeitet» (frå gammalengelsk «butere mere»). Den andre er at det er ei forvansking av eit personnamn. Robert Ferguson hevdar i 1866 i The Northmen in Cumberland and Westmoreland at namnet kjem frå det norrøne personnamnet Buthar, og at namnet på vatnet var «innsjøen til Buthar». Dette stemmer med dei lokale segnene som seier at dalen der Buttermere ligg var området til ein norsk høvding kalla Buthar på 1000-talet. Mange vikingar slo seg ned i Cumbria på 800- og 900-talet og mange namn i området har norrønt opphav.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå eigedomen sin ved Buttermere vert det sagt at Jarl Buthar utførte fleire tokt mot dei invaderande normannarane frå tida då Vilhelm Erobraren drog nordover i 1069 og fram til tidleg på 1100-talet. I 1072 sette kong Vilhelm opp ein garnison ved Carlisle, men den isolerte garnisonen var avhengig av stadige forsterkningar og forsyningar. I nesten 50 år skal innbyggjarane i Cumbria ha drive ein slags geriljakrig mot normannarane.

Om Jarl Buthar faktisk har eksistert eller ikkje er uklårt. Han vart visstnok nemnd i normanniske dokument frå 1100-talet, men mykje av historia hans ser ut til å vere basert på lokale segner og arkeologi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]