Buyei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein typisk buyeilandsby med steinhus

Buyei eller bouyei (eigennemning: Buxqyaix; 達斡爾族, pinyin: Bùyīzú) er eit av de 55 offentleg erkjende minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina. Ifølgje folketeljinga i 2000 var det 2 971 460 buyei i Kina. 94 % av buyei bådde då i provinsen Guizhou, og elles i Yunnan, Guangdong, Zhejiang og Guangxi.

Buyei er kjend for sine hus. Heile huset, også taket, er bygt av stein. Dei andre stammefolka som lever i og nær deira område, nyttar vanlegvis tre i husbygginga.

Einast dialektskilnader skil buyei frå minoritetsfolket zhuang. Den offisielle grensa mellom dei to folka følgjer knivskarpt dei politiske grensene. Noko som gjer at vitskapsfolk utanfor Kina stiller spørsmål ved om det er rett å rekne buyei som eit eige minoritetsfolk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]