Buys-Ballot-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
C.H.D. Buys Ballot
Om ein har vinden i ryggen vil lavtrykksområde (L) vere på venstresida di på den nordlege halvkula

Buys-Ballot si lov er i meteorologi ei lov som seier:

«Viss ein på den nordlege havkula står med vinden i ryggen, så har ein eit lågtrykk til venstre for seg.»

Med andre ord så strøymer lufta mot klokka rundt eit lågtrykk på den nordlege halvkula. Dette er tilnærma rett på høgare breiddegrader på den nordlege halvkula, og motsett på den sørlege halvkula, men vinkelen mellom isobarane og vinden er ikkje i ein rett vinkel på låge breiddegrader. Sjå Corioliskrafta - Straum rundt eit lågtrykk

Denne regelen som først vart oppdaga av dei amerikanske meteorologane J.H. Coffin og William Ferrel kjem av Ferrels lov. C.H.D. Buys-Ballot, ein nederlandsk meteorolog, som publiserte lova i Competus Rendus i november 1857, har derimot gjeve namn til lova, og medan William Ferrel var den første som kom med teorien bak dette, var Buys-Ballot den første til å stadfeste lova empirisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • M. Buys-Ballot, "Note sur le rapport de l'intensite et de la direction du vent avec les ecarts simultanes du barometre", Comptes Rendus, Vol. 45 (1857), pp. 765–768.