by:larm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

by:Larm er ein norsk musikkonferanse og -festival som vart arrangert fyrste gongen i 1998 i Trondheim. Konferansen vert halden kvart år i februar og byter arrengementsby for kvart år. Han kan likevel koma til å forbli i Oslo dei neste åra. by:Larm er den største musikk-kongressen i Skandinavia.

Arrangementet går over tre dagar og består av seminar, føredrag og workshops på dagtid og konsertar på kveldstid. På konsertane får nye og ukjende band presentert seg, og fleire band har fått gjennombrotet sitt etter opptreden på by:Larm. Om lag 800 bransjefolk frå Noreg, resten av Skandinavia og andre land deltek på arrangementet og ved festivalen i 2009 deltok om lag 140 band/artistar fordelt på 500 konsertar.

by:Larm samarbeider med musikkonkurransen Zoom Urørt, som pleier å starta sin årlege noregsturné i samband med arrangementet. I 2003 og 2004 samarbeidde konferansen også med Alarmprisen.

Hovudadministrasjonen er basert i Oslo. I tillegg vert det kvart år oppretta lokaladministrasjon i vertsbyen. Under by:Larm 2008 i Oslo 21.-23. februar vart det for fyrste gong utdelt eit stipend under namnet Statoil-stipendet. Stipendet på 800 000 kroner er sponsa av Statoil og har som formål å gje unge talenter større høve til å markedsføra og markera seg internasjonalt. Mottakarar av stipendet har vore Ida Maria (2008), Mathias Eick (2009) og Ingrid Olava (2010).

Inntil 2008 forsikra by:Larm-leiinga at by:Larm aldri skulle avhaldast i hovudstaden, men måtte gå tilbake på den forsikringa. Etter arrangementa i 2006 og 2007 var by:Larm teknisk konkurs, men det gjekk økonomisk betre då dei valde å halda festivalen i Oslo i 2008

Arrangementsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia om by:Larm, henta inn 12. februar 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]