Bybanen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crystal Clear filesystem file important.pngNøyaktigheit: Det er usemje om den faglege presisjonen på denne artikkelen. Han kan innehalde faktafeil. Sjå diskusjon for detaljar.
Bybanen i Bergen
Bybanen
Bybanen logo.svg
Transporttype Bybane
Stad Bergen i Noreg
Opna 22. juni 2010
Opna av Sonja av Noreg
Drift
Eigar Hordaland fylkeskommune gjennom Bybanen AS
Operatør Fjord1 Partner på vegne av Skyss
Sporlengde 13,4 km
Sporvidde 1 435 mm
Elektrifisering køyreleidning 750 volt
Linjer 1
Stasjonar 20
Passasjertal 31 000 dagleg
Vognmateriell
Vognar 12
Lengd 32,2 m
Breidde 2,65 m
Høgd 3,5 m
Vekt 40 tonn
Høgste fart 80 km/t
Høgste fart i drift 70 km/t
Passasjerar 212

Bybanen i Bergen (Bybanen) er ein dobbeltspora, elektrisk driven sporveg for persontrafikk i Bergen, bygd etter bybanestandard. Førebels har bybanen berre ei line, men det ligg føre meir eller mindre konkrete planar om å bygge ut eit vidtfemnande linenett etter kvart.

Vedtaket om bygging av ei bybaneline frå sentrum mot Nesttun og deretter vidare til Bergen lufthamn, Flesland over Sandsli og Kokstad vart gjort i 2000. Bygginga av fyrste byggesteget, strekninga mellom sentrum og Nesttun, tok til i januar 2008, og banen vart høgtideleg opna av dronning Sonja for ordinær trafikk 22. juni 2010.

Bybanen i Bergen går stort sett i gateplan og i eigen trasé i bygatene inne i sjølve byen, men elles som eigen bane. Dette gjer det mogleg med raske og store sporvogner, og togsetta er 32 meter lange og har plass til 212 personar. Men av di det er etter måten mange kryssingar mellom banen og gater og vegar, og mellom banen og avkøyringar til eigedomar frå gater og vegar, kan marsjfarta ikkje alltid vere så høg som sporvognene er meint å køyrast i. Reisetida på den 9,8 kilometer lange strekninga mellom sentrum og Nesttun er ifylgje rutetabellen 25 minutt.

Særskilde trafikkreglar gjeld for bybanen i høve til den andre trafikken på gater og vegar, slik det går fram av føresegnene for trikk og bane i dei generelle trafikkreglane. Annan trafikk har vikeplikt for toga på bybanen, medan bybanen korkje har vikeplikt for syklistar, bilistar eller gåande, sjølv ikkje for gåande i gangfelt. Ein informasjonskampanje om dette vart sett i gang i samband med at bybanen vart sett i drift. Det skjedde likevel nokre uhell i den fyrste tida bybanen gjekk i bergensgatene, men ingen av dei var alvorlege. Eit av uhella råka berre Bybanen. Under køyreopplæring femten dagar før opninga av banen, 7. juni 2010, kolliderte to av vognsetta i låg fart i eit kryssingsspor ved endestoppet nær Byparken i Bergen sentrum. Ingen personar vart skada, men begge vognsetta fekk skader; det eine av dei så store skader at det ikkje kunne nyttast i lang tid etterpå.

Frå 24. mars til 2. april 2011 var Fageråstunnelen stengd fordi ein av køyreledningane måtte utbetrast. Banen gjekk som normalt frå Byparken til Wergeland.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bybanen i Bergen den fyrste dagen med passasjerar
Foto: Nina Aldin Thune
Bybanen på veg til Byparken med dronning Sonja som fyrste offisielle passasjer
Kronstad haldeplass
Bybanen i Bergen under bygging

Framlegg om å byggje bybane i Bergen vart fyrst gjort allereie då drabantbyane rundt byen oppstod på slutten av 1960-talet og 1970-talet. Den fremste talsmannen var då NKP-politikaren, seinareSV-politikaren, Bjørn Gullachsen. Men det vart ikkje noko av framlegga. Ikkje før på slutten av 1980-talet, med aukande trafikkproblem og som fåfengt vart freista løyst med nye, storslegne vegutbyggingar, vart ideane fremja på nytt, med miljørørsla, einskilde politikarar, og bergenskjendisar som forfattarane Gunnar Staalesen og Erling Gjelsvik, i brodden. I 2000 vedtok bystyret, mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet, å byggje bybanen dersom finansiering kom på plass. Hausten 2005 vart prosjektet vedteke etter å ha vorte del av Nasjonal transportplan, ein plan for transporten i Noreg som vert vedteke av Stortinget for ti år og revidert før stortingsvalet kvart fjerde år. Også i 2005 vart vedtaket om bygginga av bybanen gjort mot røystene til Framstegspartiet. Kort tid etter tok byggearbeidet til.

Prosjektet hadde vore kontroversielt lenge. Kritikarane frykta mellom anna at bybanen ville verte eit pengesluk som vil føre til svakare kollektivtilbod i dei store områda der banen ikkje var til nytte. I 2006 starta ei gruppe kritikarar ein underskriftskampanje med krav om å leggje prosjektet fram for folkerøysting. Då partiet Høgre valde å gå mot dette, vart kravet avvist, enno ein gong mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet. Gaia Trafikk, som stod for busstransporten i Bergen på denne tida, gjorde eit fåfengt framlegg om å byggje vegar for sporbuss, også kalla metrobuss, i staden for bybane.

Bygginga av lina mellom Bergen sentrum og flyplassen på Flesland[endre | endre wikiteksten]

Bybanen frå Bergen sentrum fram mot Bergen lufthamn, Flesland, er planlagt i tre byggesteg. Det første byggesteget var strekninga frå sentrum til Nesttun, som var ferdig i 2010, det andre er strekninga frå Nesttun til Rådal/Lagunen Storsenter, og det tredje frå Lagunen til flyplassen. Så langt er berre det fyrste byggesteget ferdigstilt, men planar og skisser for vidare utbygging til Rådal er klare, og byggesteg to vart sett i gang i august 2010 med førebuande arbeid, og sjølve byggearbeidet kom i gang i januar 2011.

Byggesteg 1: Byparken – Nesttun[endre | endre wikiteksten]

Bybanen på strekninga mellom Byparken i Bergen sentrum og Nesttun vart opna for vanleg trafikk den 22. juni 2010. Bygginga hadde teke til i januar 2008. Byggeprosessen var splitta i anbod, der åtte føretak hadde ansvaret for kvar si strekning. I desember 2009 var bygginga av sjølve banen ferdig, inklusive ei bru over sundet Straumen mellom Puddefjorden og Store Lungegårdsvann fire tunnelar. Traseen er 9,8 kilometer lang. Banen er bygd med med dobbeltspor heile vegen, slik at det til saman er lagt rundt 39,2 kilometer med skjener.

Totale kostnader for fyrste byggesteget var rekna til 2 200 millionar 2007-kroner.

Byggesteg 2: Nesttun – Lagunen[endre | endre wikiteksten]

Reguleringsplanen for traseen mellom Nesttun og Rådal/Lagunen vart godkjend i bystyret våren 2008. Dei førebuande byggearbeida byrja sommaren 2010. Sjølve byggearbeidet starta 7. januar 2011. Regjeringa gjorde 26. mars 2010 vedtak om at bompengeordninga for innfartsvegane kan halde fram, slik at byggetrinn 2 til Rådal/Lagunen kan finansieras. Investeringane blir jamt delte mellom fylkeskommunen og ved bompengefinansieringa. Ei fråsegn frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa tyder på at det kan verte ein føresetnad for statleg stønad at Bergen kommune sett i verk køprising på innfartsvegane, det vil seie at bompengetakstane for køyring inn til sentrum vert høgare enn elles i dei tidene på døgeret då trafikken er størst: "I den grada Bergen oppfyller vilkåra for middel frå Belønningsordningen kan desse midla nyttast til delfinansiering av forlenging av Bybanen. Samferdselsdepartementet vil likevel stille strenge krav til trafikkregulerende tiltak for tildeling av belønningsmidler."

Byggesteg 2 vart ferdig sommaren 2013.

Byggesteg 3: Lagunen – Flesland[endre | endre wikiteksten]

Planlegging av trasen vidare til Flesland er i gang, men bygginga er avhengig av at finansieringa vert ordna. Denne strekninga vil tidlegast verte ferdig i 2015.

Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Vognmateriell[endre | endre wikiteksten]

Vognene på bybanen er av typen Variobahn frå tyske Stadler Pankow. Kvart av vognsetta har totalt 212 plassar; av dette er 84 sitteplassar. Vognsettet kan forlengast med 10 m, og dette er førebudd både teknisk og avtalemessig. Til byggesteg 1 er det levert 12 vogner. For byggesteg 2 frå Nesttun til Lagunen er det planlagt med fire vognsett i tillegg. Kontrakten inneheld ein opsjon på ytterlegare 20 vognsett. Bybanen vil ha trådlaust Internett for passasjerane.

Tekniske data:

Lengd: 32,2 m Breidde: 2,65 m Høgd: 3,5 m Vekt: 40 tonn Høgste fart: 80 km/t (maks 70 km/t i drift) Vognsetta er bygd som leddvogner, utan skiljevegger mellom dei partene vognsetta er sett saman av. Det er førarplass i kvar ende av vognsetta, og soleis ikkje bygd sporsløyfer ved endestasjonane.

Drift[endre | endre wikiteksten]

Hordaland fylkeskommune ved sitt kollektivtransportselskap Skyss har det overordna ansvaret for drifta av Bybanen, og sett i 2008 drifta ut på anbud. Det skulle konkurrerast om ein driftskontrakt på 7 år, med høve til to års forlenging. Kontrakten skulle inkludere drift av Bybanen og dessutan trafikkstyring. Drift og vedlikehald av infrastrukturen og forvaltning av rullande materiell (gjennom ein vedlikehaldsavtale med vognleverandøren Stadler Pankow GmbH) vil bli gjort av eit eige fylkeskommunalt selskap som vil heite Bybanen AS. Bybanen AS vil vere Hordaland fylkast parallell til Jernbaneverket. Ved utløpet av fristen 16. desember 2008 hadde følgjande fire leverandørar levert inn tilbod på drift av Bybanen:

  • Fjord1 Partnar AS
  • NSB AS
  • Tide Bane AS
  • Veolia Transport Noreg AS

Fjord1 Partnar vann til slutt anbudet, og må saman med Bybanen AS, ha dei naudsynte løyva frå Statens jernbanetilsyn.

Prognosen for talet på passasjerar for Bybanen på strekninga Sentrum-Nesttun er 13,5 - 16,5 mill (45 000 pr. arbeidsdag) i 2015. Med ein gjennomsnittsfart på 27 km/t mellom sentrum og Nesttun blir reisetida 21 minutt. Gjennomssnittsfarten mellom Nesttun og Lagunen er utrekna til 33 km/t.

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Stasjonene og den visuelle profilen til Bybanen er utforma av CUBUS, Fuggi Baggi Designar og Kontrapunkt. Stasjonane på B1 og B2 ligg på gatenivå, og har billettautomatar og dynamiske skjermar som syner når toga kjem. Plattformene er på nivå med golvet i vognene, slik at passasjerar i rullestol eller med barnevogn kan kome seg lett på og av. Stasjonane er dimensjonert for 44 m lange vognsett, men førebels er vognsetta hovudsakleg 32 meter lange.

Bergen kommune har tillate tettare utbygging rundt stasjonane, og vil at dei fleste nye bustadene i desse delane av Bergen skal byggjast i tilknytnad til banen. Utbyggingsprosjekt for områda kring stoppestadene Slettebakken, Wergeland, Paradis og Lagunen har vorte annonserte av private utviklarar. Mange av stoppestadene ligg i bustadområde, og prosjekta har møtt mykje motstand frå folk som fryktar at nabolaga deira vil bli radikalt endra.

I vognene vert kvar stasjon annonsert med ein eigen melodisnutt laga av musikar og stortingsrepresentant Snorre Valen. Melodiane er tilknytta stasjonane. [1]

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Linjekart for fyrste byggesteget: Byparken-Nesttun

Førebels linjekart for 1., 2. og 3. byggesteg.

Teiknforklaring
BSicon uKACCa.svg Byparken
BSicon uBUE.svg Christies gate
BSicon uÜST.svg
BSicon uÜSTr.svg 17. mai-pensen
BSicon uBUE.svg Strømgaten
BSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BAHN.svg Nonneseter Bergen stasjon
BSicon uBUE.svg Østre Strømkaien
BSicon .svgBSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS.svgBSicon PARKING.svg Bystasjonen
BSicon uBUE.svg Stamvei E16.svg  Fjøsangervegen
BSicon uBUE.svg Nygårdsgaten/Lars Hilles gate
BSicon uHSTACC.svg Nygård
BSicon uBUE.svg Fv256 Nygårdsgaten/Fv272 Thormøhlens gate
BSicon uHSTACC.svg Florida
BSicon uBUE.svg Fv256 Nygårdsgaten
BSicon uWBRÜCKE1.svg Nygårdsbroen
BSicon uBUE.svg Møllendalsveien
BSicon uBUE.svg Fv255 Ibsens gate
BSicon uHSTACC.svg Danmarksplass
BSicon uBUE.svg 582N Bjørnsons gate
BSicon uBUE.svg 582N Inndalsveien/Bjørnsons gate
BSicon uENDEaq.svgBSicon uABZq+l.svgBSicon uhKRZ.svgBSicon uSHI4rq.svgBSicon .svg Bybanen testspor
BSicon .svgBSicon STR.svgBSicon uhABZgl+l.svgBSicon uSHI4g+lq.svgBSicon uKDSTr.svg Kronstad depot
BSicon dLSTRq.svgBSicon ABZqr.svgBSicon umhKRZ.svgBSicon dLSTRq.svgBSicon .svg Vossabanen
BSicon uHSTACC.svg Kronstad
BSicon uBUE.svg 582N Inndalsveien
BSicon uHSTACC.svg Brann stadion
BSicon uBUE.svg 582N Inndalsveien
BSicon uHSTACC.svg Wergeland
BSicon uTUNNEL1.svg Fageråstunnelen (663 m) Fv252 Hagerups vei
BSicon uTUNNEL1.svg Fageråstunnelen (663 m)
BSicon uBUE.svg Wiers-Jenssens vei
BSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS.svg Sletten
BSicon uHSTACC.svg Slettebakken
BSicon uTUNNEL1.svg Slettebakkstunnelen (412 m)
BSicon uHSTACC.svg Fantoft
BSicon uTUNNEL1.svg Fantofttunnelen (1 107 m) 585 Sandbrekkevegen
BSicon uTUNNEL1.svg Fantofttunnelen (1 107 m)
BSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS.svg Paradis
BSicon uBUE.svg Tjernvegen
BSicon uTUNNEL1.svg Tveiteråstunnelen (443 m)
BSicon uWBRÜCKE2.svg Nesttunvassdraget
BSicon uHSTACC.svg Hop
BSicon .svgBSicon ueABZrg.svgBSicon uexENDEeq.svg Fråsettingsspor etablert i byggesteg 2
BSicon uBUE.svg Sanddalsvegen
BSicon .svgBSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS.svgBSicon PARKING.svg 9,8 km Nesttun
BSicon uENDExe.svg byggesteg 1 (opna 22. juni 2010)
byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)
BSicon uexHST.svg 10,2 km Nesttun sentrum
BSicon uexmKRZ.svg Gamle Vossabanen (nedlagt)
BSicon uexTUNNEL1.svg Nesttunhaugtunnelen (450 m)
BSicon .svgBSicon uxHSTBROADo.svgBSicon BUS.svg 10,9 km Skjoldskiftet stasjon på bru over 582 Fanavegen
BSicon uexHST.svg 11,4 km Mårdalen
BSicon uexTUNNEL1.svg Skjoldtunnelen (400 m)
BSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS.svg 12,3 km Skjold
BSicon uexBUE.svg Sætervegen
BSicon .svgBSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS.svgBSicon PARKING.svg 13,2 km Lagunen
BSicon uexAKRZo.svg Riksvei 580.svg  Fanavegen
BSicon uexSTR+GRZq.svg byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)
byggesteg 3
BSicon uexTUNNEL1.svg Folldalstunnelen
BSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS.svg Råstølen
BSicon uexTUNNEL1.svg Steinsviktunnellen
BSicon uexBRÜCKE1.svg Steinsvikvegen
BSicon uexTUNNEL1.svg Feråstunnelen
BSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS.svg Sandslivegen
BSicon uexHST.svg Sandslimarka
BSicon uexTUNNEL1.svg Sandslitunnelen
BSicon uxKRZun.svg Ytrebygdsvegen
BSicon uexHST.svg Kokstad
BSicon uexBROADo.svg Riksvei 580.svg  Flyplassvegen
BSicon .svgBSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS.svgBSicon PARKING.svg Birkelandsskiftet
BSicon uxKRZuy.svg Riksvei 580.svg  Flyplassvegen
BSicon uexHST.svg Birkelandsskiftet
BSicon uexKRW+l.svgBSicon uexKRWgr.svgBSicon .svg
BSicon uexKDSTe.svgBSicon uexSTR.svgBSicon .svg Kokstadflaten
BSicon uextSTRa.svg Fleslandtunnelen
BSicon .svgBSicon .svgBSicon uextKBHFe.svgBSicon FLUG.svgBSicon BUS.svg Bergen lufthavn, Flesland Bergen lufthamn, Flesland
BSicon uextENDEe.svg Vendespor

Vidare utviding[endre | endre wikiteksten]

Bergensprogrammet, vedteke i Stortinget 2002, stadfestar at banen fyrst skal byggjast frå Bergen sentrum til Nesttun, og vidare fram mot Flesland i ein neste runde.

Det er under planlegging ei ny banestrekning frå Åsane(nord for Bergen sentrum) via Kronstad til Kristianborg, gjennom fjellet Løvstakken til Oasen i Fyllingsdalen (vest for Bergen sentrum). Kommunen har òg presentert meir ambisiøse planar der linja blir utvida frå Fyllingsdalen til Loddefjord, med ytterlegare høve til utvidingar både nordover og vestover til nabokommunane.

Spørsmålet om kor langt bybanen skal gå var ei viktig valkampssak under kommunevalkampane i Bergen i 2003 og 2007. Då Frp gjekk til val på motstand mot bybanen og kom inn i byrådet hausten 2007, vart det tvilsamt om bybanen ville gå lengre enn til Nesttun. Men etter forhandlingar med byrådskompanjongane KrF og Høgre gav Frp seg på dette, og byrådet går no inn for full utbygging fram til Flesland. Frp trekte seg i 2009 frå byrådssamarbeidet fordi Frp sitt landsmøte nektar Frp lokalt å røyste for auka bompengefinansiering. Ansvaret for bybaneutbygginga vart i 2007 flytta frå Bergen kommune til Hordaland fylkeskommune.

NSB har for eiga rekning lagt fram planar om ein jarnbane frå Bergen sentrum om Fyllingsdalen til Flesland. Jernbaneverket arbeider med planar om ei godstoglinje mellom Bergen sentrum og Flesland.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • 2011: Worldwide Project of the Year[2]
  • 2011: Light Rail Awards i kategorien årets prosjekt[3]
  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger[4]
  • 2012: Vakre vegers pris[5]
  • 2012: Kollektivtrafikkprisen[6]
  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger[7]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bybanen i Bergen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]