Bydel St. Hanshaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oslo sthanshaugen.png

St. Hanshaugen er ein administrativ bydel i Oslo som har 28 287 innbyggjarar (1. januar 2006) over eit areal på 3,6 km². Bydel St. Hanshaugen strekk seg mot nord opp til hovudanlegget til Norsk rikskringkasting på Marienlyst (Blindern) og til Ullevål, og i sør til Oslo domkyrkje og Youngstorget. I vest har bydelen grense mot Majorstuen-området og Fagerborg kyrkje, og i aust mot Iladalen og Grünerløkka. Bydelsadminstrasjonen har òg ansvaret for dei kommunale tenestene i sentrum av Oslo, som i denne samanhangen er geografisk avgrensa austover ved operahuset i Bjørvika og vestover attom Slottet og framfor Aker Brygge.

St. Hanshaugen er òg namnet på ein park i bydelen, og det er denne parken som har gjeve namn både til stroket kring parken og til bydelen. Bydelen har tidlegare hatt namnet St. Hanshaugen-Ullevål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Bydel St. Hanshaugen» på Wikipedia på bokmål/riksmål.