Brandenburg an der Havel

Koordinatar: 52°25′0″N 12°33′0″E / 52.41667°N 12.55000°E / 52.41667; 12.55000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Byen Brandenburg)
Brandenburg an der Havel
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Brandenburg an der Havel
Brandenburg an der Havel is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Brandenburg
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

228,80 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

73 783
  322/km²
Koordinatar 52°25′0″N 12°33′0″E / 52.41667°N 12.55000°E / 52.41667; 12.55000
Høgd over havet 32 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 14770-14778
Telefon-retningsnummer 03381
Bilnummer BRB
Heimeside: www.stadt-brandenburg.de

Brandenburg an der Havel er ein by i Tyskland og i delstaten Brandenburg med om lag 75 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda til elva Havel.

Sjølv om byen Brandenburg er mindre kjend enn delstaten gav han namn til det gamle bispedømet Brandenburg, markgrevskapet Brandenburg og den noverande delstaten. I dag er han ein by i nærleiken av Berlin, men ein gong var han opphavet til riket Brandenburg og Preussen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slottet i Brandenburg, som haddde vore ei festning for den slaviske stamma Stodoranie kalla Brenna, vart erobra i 929 av Kong Henrik I av Sachsen. Byen vart berre verande tysk til 983, då slavarane tok han tilbake. Dei neste 170 åra styrte dei slaviske prinsane av Hevellesstamma området. Den siste av dei, Pribislav, døydde i 1150. Etter dette slo Albert I seg ned her og var den første markgreven av Brandenburg. Byen heldt seg på den vestlege breidda av Havel fram til 1196, då han strekte seg over på austsida. Dei to bydelane vart rekna som to forskjellige byar i fleire hundreår (Gamle og Nye Brandenburg).

I 1314 vart dei to byane medlem av Hansaen. Trettiårskrigen gjekk hardt utover byen med plyndring og øydelegging og han mista mykje makt. Potsdam vart den nye hovudstaden og hoffet reiste frå byen Brandenburg. I 1715 vart dei to halvdelane av byen slått saman til ein enkelt by.

Konsentrasjonsleiren Zuchthaus Brandenburg låg i Görden, ein forstad til Brandenburg i åra Nazi-Tyskland varte.

Etter Berlinmuren fall ned minka folketalet frå over 100 000 i 1989 til om lag 75 000 i 2005 på grunn av fråflytting. Det er stort sett unge folk som har flytta frå byen, så framtida til byen er usikker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]