Byen Djibouti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
جيبوتي (arabisk)

Ville de Djibouti (fransk)

Djibouti City.jpg
Styresmakter
Land Djibouti
Grunnlagd 1888
Geografi
Innbyggjarar
 - Hovudstad (2009)

475 322
Høgd over havet 0 m
Tidssone UTC +3 (UTC3)
Plassering
Plassering av  Djibouti

Byen Djibouti (utt. dʒibˈu:ti) er hovudstaden og den største byen i republikken Djibouti i Aust-Afrika. Han ligg på ei halvøy mellom Tadjourabukta og Adenbukta nær innlaupet til Raudehavet. Folketalet i byen er usikkert, men under folketeljinga i 2009 vart det målt til 475 322 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Djibouti vart grunnlagt i 1888, og vart i 1892 gjort til hovudstad i Fransk Somaliland i staden for Tadjoura. Mellom 1967 og 1977 var byen hovudstad i det franske Afar- og Issar-området før han vart hovudstad i republikken Djibouti i 1977.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Djibouti er ein viktig handleby og hamna har store anlegg for forsyningar og bunkring. Hamna vert også brukt til fiske og ferjeruter herifrå til Tadjoura og Obock. og Det går også jarnbane frå byen til Addis Abeba i Etiopia, noko som er svært viktig for økonomien til byen. Den internasjonale lufthamna Ambouli ligg også i byen.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I byen Djibouti finst også eit akvarium, ein stor marknadsplass, nasjonalstadionet Stade du Ville, presidentpalasset i landet og Hamoudi-moskéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Byen Djibouti