Byen Oldenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oldenburg
Vakthuset og Lambertikirche i Oldenburg
Vakthuset og Lambertikirche i Oldenburg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Byen Oldenburg
Byen Oldenburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Arnsberg
Kreisfri by
Først nemnd i 1108
Geografi
Flatevidd
 - By

102,96 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

158 600
  1 540/km²
Koordinatar 53°08′38″N 8°12′50″EKoordinatar: 53°08′38″N 8°12′50″E
Høgd over havet 4 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 26001–26135
Telefon-retningsnummer 0441
Bilnummer OL
Heimeside: www.oldenburg.de

Oldenburg (plattysk Ollnborg) er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 160 000 innbyggjarar. Byen ligg i vest i delstaten mellom byane Bremen og Groningen i Nederland ved elva Hunte. Byen er den fjerde største i delstaten etter Hannover, Braunschweig og Osnabrück. På tysk er byen offisielt kalla Oldenburg (Oldenburg) eller Oldenburg (Oldb) for å skilje han frå Oldenburg i Schleswig-Holstein.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldenburg Slott

Byen vart først nemnd i 1108, då som Aldenburg. Han vart viktig fordi han låg ved ein vadestad over elva Hunte. Oldenburg vart hovudstad i Grevskapet Oldenburg (seinare hertugdøme, storthertugdøme og republikk), ein liten stat i skuggen av den mykje meir mektige hansabyen Bremen.

På 1600-talet var Oldenburg ein rik by i ei tid med krig og uro, og folketalt auka ein god del. I 1667 vart byen råka av ein katastrofal pest og kort tid etter øydela ein storbrann byen. Dei danske kongane, som vart hertugar av Oldenburg på denne tida, var ikkje særleg interessert i forholda i her og han vart mindre og mindre viktig. I 1773 enda det danske styret, og det var først då dei øydelagde bygningane vart bygd opp att i ein neoklassistisk stil.

I 1893 opna ein kanal mellom Hunte og elva Ems og hamna i Oldenburg vart forbunde til Nordsjøen, noko som kraftig betra dei økonomiske forholda i byen.

I 1945 etter den andre verdskrigen voks Oldenburg til meir enn 100 000 innbyggjarar då flytningar emigrerte til byen, som berre svakt råka av dei allierte sine bombetokt. I 1946 vart Oldenburg ein del av den nye tyske delstaten Niedersachsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Byen Oldenburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]