Byen Pisco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plaza de Armas, Pisco, 2001

Byen Pisco er hovudstad i Pisco-distriktet i Ica-regionen i Peru. Han er ein kystby ca. 20 kilometer nord for halvøya Paracas. Den moderne byen Pisco blomstra opp i eit vingardsområde kor det no skjer framstilling av det peruansk-chilenske brennevinet kjent som pisco. Han kan ha røter frå ein av dei store tidlegare sivilisasjonar i Peru, paracaskulturen.

Ved Plaza de Armas finst herskapshuset som den argentinske generalen José de San Martín budde i og ein statue av personen. Blant andre bygningar i byen kan ein nemne katedralen Iglesia de la Compañía som vart påbegynt i 1689, han kan vise ein nydeleg uthoggen preikestol og eit alter med gullblad.

Byen vart hardt råka av jordskjelvet i Peru 2007.

Ikkje langt frå byen, rett ved vegen mot Ayacucho ligg den vel preserverte inkastaden Tambo Colorado og like ved på Paracas-halvøya ligg geoglyfen El Candelabro. Området rundt byen er mykje vitja på grunn av konsentrasjonen av marint fugle og dyreliv i naturreservatet Reserva Nacional de Paracas, òg kalla dei peruanske Galapagosøyane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]