Bygdøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′21.388″N 10°40′47.687″E

Luftfoto av Bygdøy. Nederst til venstre Norsk Maritimt Museum, Kon-Tiki Museet og Frammuseet. Oppe til høgre Oscarshall.
Foto: Wilhelm Joys Andersen
Oscarshall sett frå baksida.
Foto: Hans A. Rosbach
Motiv frå badestranda på Huk.
Foto: Grzegorz Wysocki

Bygdøy (offisielt namn var Ladegaardsøen fram til 1877) er ei halvøy i den vestlege delen av Oslo, mellom Bestumkilen og Frognerkilen, og inkluderer òg øyane Killingen i vest og Store og Lille Herbern i sør. Sjølve halvøya er rundt 3,6 km2 stor og hadde i 2010 ca. 3 400 innbyggjarar.[1]

Bygdøy er i hovudsak eit bustadområde. Det er òg store område med nytta til landbruk, i tillegg til skog og park. Bygdøy er kjend for sin rike flora. Halvøya høyrde til før kommunesamanslåinga Aker kommune. Bygdøy har frå 1800-talet vore eit populært område for friluftsliv og utferder, særleg om sommaren, på grunn av gode høve til turgåing og bading.

Fram til kring 1800 var Bygdøy ei øy, men landheving og utfyllingar har gjort øya landfast. Øya var i mellomalderen klostergods under CisterciensaraneHovedøya, men vart lagd inn under kongen som krongods ved reformasjonen. Cisterciensarane hadde drive aktiv landbruksutvikling på Bygdøy, med til dømes fiskeoppdrett. Garden Bygdøy vart ladegård, eller avlsgard, forsyningsgard for Akershus festning. Dette var opphavet til det eldre namnet på halvøya. Kongen nytta den rike naturen på Bygdøy som jaktområde, og kong Kristian IV av Danmark-Noreg sette opp eit lite jaktslott her.[1] Det vart byrjinga til dagens kongsgard. Hovudbygget på kongsgarden vart bygd i 1733 som sommarresidens for statthaldar Christian Rantzau. Kong Kristian Fredrik budde her sommaren 1814 etter at han hadde måtta sei frå seg den norske trona. Kongane Haakon VII og Olav V nytta huset som sommarbustad.

Frå 1775 vart det bygsla vekk ein del tomteområde, men kong Karl Johan kjøpte fleire av dei attende i 1837. Han var oppteken av området og sysla med planar om eit samanhengjande parkområde frå Slottet til Bygdøy.[1] Kong Oscar I bygde lystslottet Oscarshall i 1847-1852. Kong Oscar II bygde Kongevillaene ytst i Kongeskogen mot Huk og nytta sjølv Villa Victoria som sommarbustad. På Kongsgården bygde han frå 1881 det første friluftsmuseet i verda. Museet skulle gje eit oversyn over norsk byggverkshistorie ved hjelp av 8-10 bygg flytta til område. Berre fem hus vart ferdig flytta, med Gol stavkyrkje som midtpunkt. Samlinga vart i 1907 innlemma i Norsk Folkemuseum.

Stortinget innløyste Karl Johan sine eigedomar i 1862-1863 og stilte kongsgarden til disposisjon for den regjerande kongen med familie. Resten av området vart offentleg friområde. Ytre del med gamle landstader vart seinare regulert til ope villaområde.

På Bygdøy ligg Bygdøy Kongsgård og Oscarshall Slott. Fleire museum ligg på Bygdøy, Vikingskipshuset, Kon-Tiki Museet med sivbåten Ra, polarskipa «Fram» og «Gjøa», Sjøfartsmuseet og Norsk Folkemuseum. Frå 2004 er kongsgarden forvalta av folkemuseet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 107, ISBN 978-82-573-1760-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bygdøy