Bygdeby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sentrum i bygdebyen Volda

Ein bygdeby er eit omgrep som gjerne blir nytta om ein tettstad, gjerne eit administrasjonssenter for ein kommune, som ikkje har formell by-status, men som likevel har dei fleste funksjonane til ein liten by.

I tidlegare tider hadde det ei viss tyding å ha bystatus, antan som kjøpstad eller ladestad. Dette då det følgde ein del fordelar med denne statusen. Men det viktigaste, handelsprivilegiet, forsvann i realiteten allereie i 1862.

Kommunelova av 1992 oppheva det tidlegare formelle skiljet mellom bykommune og landkommune. Kommunane stod deretter fritt til å vedta bystatus, for heile kommunen eller ein eller fleire tettstadar i kommunen. Kommunelova § 3, 5.ledd: Kommuner med over 5000 innbyggere kan ta i bruk benevnelsen by, dersom kommunen har bymessig tettsted med handels- og servicefunksjoner og konsentrert bebyggelse.

I nyare tid er det vanlegvis ingen fordelar ved å vere by (tilfellet Fosnavåg er eit lite unntak). Nokre kommunar vedtok såleis bystatus, som to av dei tidlegare bygdebyane i Oppland, Otta og Fagernes. Andre har latt vere, som Raufoss i same fylke, som dermed framleis kan kallast ein bygdeby i staden.

Ein del av desse attverande bygdebyane er til dels klart større tettstadar enn dei tettstadane som har fått status som by. Til dømes er i Møre og Romsdal bygdebyane og tettstadane Ørsta (6.495 innbyggjarar 1.1.2009) og Volda (5.739 innbyggjarar 1.1.2009) større enn dei tre nye byane i Møre og Romsdal: Ulsteinvik (5.251 innbyggjarar), Fosnavåg (ca 3.521) og Åndalsnes (2.207).

Somme bygdebyar har også klare byfunksjonar, som Volda, som har både sjukehus og Høgskulen i Volda.

Bardu kommune vedtok bystatus, men fekk ikkje dette godkjent på grunn av for lågt innbyggjartal i kommunen. Dei marknadsfører no Setermoen som bygdebyen i indre Troms. Sunndalsøra var ein stor nok tettstad i ein stor nok kommune, og var foreslått som by, men ei folkeavstemming enda med fleirtal mot.

Eksempel på andre tettstadar som blir nemnde som bygdebyar er mange, til dømes Orkanger, Vinstra, Voss, Sogndal, Svelgen osv.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.