Bygdin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bygdin
Bygdin - Båt på Bygdin
Båt på Bygdin
Stad Vang (Oppland)
Koordinatar 61°21′47″N 08°23′09″EKoordinatar: 61°21′47″N 08°23′09″E
Største lengde 25 km
Overflateareal 39,89 km²
Største djupne 215
Kystlengd1 73,10 km
Høgd over havet 1058 moh.
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Bygdin er ein innsjø i Jotunheimen. Bygdin er regulert og ligg mellom 1048 og 1057 moh. og har eit areal på 40 km². Sjøen er lang og smal – i luftlinje 25 km lang. Største djup er 215 m.

Bygdin ligg søraust i Jotunheimen og like nord for sjøen ligg toppar på godt over 2000 m. Ved sjøen ligg fleire turisthytter – i vestenden ligg Eidsbugarden, på nordsida ligg Torfinnsbu og ved austenden ligg Bygdin. Om sommaren går det båtrute mellom desse tre stadene.

Elva Vinsteråni renn ut frå Bygdin, vidare gjennom Vinstervatna og Vinstra til Gudbrandsdalslågen.

Bygdin