Bygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Bygg

Hordeum-barley.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Slekt: Hordeum
Art: H. vulgare
Vitskapleg namn
Hordeum vulgare
Byggspirer

Bygg (Hordeum vulgare) er ei kornplante av grasfamilien. Bygg tilhøyrer byggslekta og har frø som blir bruka til mat for menneske og dyr, og til å laga drikkar som øl og whiskey. Bygg er eit svært hardført kornslag som til og med toler kaldare vêr enn rug og større saltinnhald i jorda enn kveite. Dyrka bygg kjem frå den ville byggplanten (Hordeum spontaneum) som fortsatt veks i Midtausten.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Det finst to ulike typar dyrka bygg, vårbygg og haustbygg. Vårbygg blir dyrka som havre og hausta om våren; haustbygg veks som kveite og blir hausta om hausten. Bygg har tradisjonelt vore dyrka anten åleine eller saman med havre — såkalla blandkorn.

Ein kan dela inn byggtypar etter kor mange korn som sit på kvart aks. Tradisjonelt deler ein desse inn i tre typar: Bygg med to, fire eller seks kornrader. Toradsbygg er den eldste typen, og finst òg på villbygg. Dei ulike byggtypane kan alle kryssast og danna fruktbart avkom, og blir derfor sett på som same art, sjølv om dei har ulik utsjånad og veksemåte.

Av alle kornåkrane i verda er flatevidda av byggåkrane den femte største: 530 000 km².

[endre] Dyrking

Hovudprodusentland av bygg:

Russland 72 000 km²
Canada 45 000 km²
Ukraina 37 000 km²
Tyrkia 36 000 km²
Spania 33 000 km²

[endre] Bruk

Bygg har tradisjonelt vore brukt til å laga graut, supper og i brød.

Bygg blir mellom anna brukt til å laga malt, som er viktig i ølbrygging. Det kan også destillerast til whiskey. Byggdrikkar utan alkohol er byggte, kjend som mugicha i Japan og boricha i Korea, og barley water, 'bygg-vatn', ein leskedrikk kokt på bygg og smaksett med sitron eller anna frukt, som også er brukt til å laga byggvin. Byggmalt har òg vore brukt som kaffierstatting.

[endre] Kjelder