Bygningsfundament
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse av enkelt fundament til eit hus.
Fundament eller sokkel er den berande delen av eit byggverk. Sokkelen finst nedst i bygget, ofte grave ned i jorda. Det har som føremål å overføra vekta av bygget og andre påverknader til bakken.
Ofte byggjer ein grunnmur som fundament. Tradisjonelt var denne laga av stein og/eller murt. I moderne tid bruker ein gjerne betong.
Ordet «fundament» kjem av latin fundere, 'grunnleggje'. I overført tyding kan ein bruka ordet for å visa til føresetnad eller grunnlag for noko abstrakt, til dømes forhandlingar eller forsking.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «fundament»
Kjelder [endre]
- «fundament» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- Store norske leksikon, snl.no, «fundament»