Byliknande busetnad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Byliknande busetnad (russisk посёлок городско́го ти́па, posiolok gorodskogo tipa; ukrainsk селище міського типу, selysjtsje mis'kogo typu, 'busetnad av by(adj)type') er ei offisiell eining for visse typar urbane busetnader i enkelte land i det tidlegare Sovjetunionen.

Ein byliknande busetnad var eit resultat av sovjetisk byplanlegging, ein stad med status og utsjånad mellom byar og landsbyar.

Enkelte urbanliknande busetnader kan vere like store som landsbyar, men infrastrukturen på staden er bymessig. Vanlegvis er dei bygd opp rundt ein enkel industri. Noko som definerte ein stad som urbanliknande busetnad i det tidlegare Sovjetunionen var at han var økonomisk sjølvstendig frå jordbruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]