Bymur
Bymurar var vanleg frå oldtida og inn i mellomalderen. I hovudsak er dei omtala som bymurar sjølv om det også fantes murar som Den kinesiske mur og Atlanterhavsmuren som strekte seg langt unna bygrensene og som blei bygd for å inneslutte større område.
Bymurar vart bygd så seint som på 1800-talet, sjølv om dei då ofte vart bygd av tre (i motsetning til av stein) og stort sett omkring mindre og utsette busetningar. Bymurar hadde også tårn og var ofte omgitt av vollar.
Bakgrunnen for bymurar blir sett i samenheng med oppblomstringa av bystatane. Murane var lenge ugjennomtrengelege for dei angripande hærane som då måtte beleire byen i staden.
For å komme seg inn og ut av av murane måtte ein passere gjennom ein byport.
Den mest verdfulle verksemda var plassert mest verna. Dårlegare og uønska verksemd fekk ofte plass i nærleiken av eller utafor murane.