Byneset kyrkje
| Byneset kyrkje | ||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Nidaros | |
| Prosti: | Heimdal | |
| Fellesråd: | Trondheim | |
| Sokn: | Byneset | |
| Vigd til: | St. Mikael | |
| Innvigd: | ca 1180 | |
| Kyrkjegard: | ved kyrkja | |
| Arkitektur | ||
| Materiale: | naturstein | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 230 | |
| Byneset kyrkje på Commons | ||
Byneset kyrkje er ei mellomalderkyrkje i stein på Byneset i Trondheim. Kyrkja vart vigd til St. Mikael. Ein veit ikkje nøyaktig når kyrkja vart innvigd, men ein trur det var i 1180. Steinhoggarmerka er dei same som ein finn på Nidarosdomen. Det er derfor nærliggande å tru at det var dei same som oppførte kyrkja eller i det minste hogg den hogde steinen til kyrkjebygget.
Kyrkjebygget [endre]
Kyrkja er romansk, og er ei langkyrkje i naturstein. Tårnet som er ein takryttar vart oppført rundt 1650. I 1656 vart det bygd eit våpenhus framfor vestportalen, dette vart fornya i 1811 og på slutten av 1970-åra. Ved restaureringa på 1960-talet vart det avdekt kalkmåleri frå 1500- og 1600-talet.
Kyrkjeeigarar [endre]
Etter reformasjonen i 1537 vart kyrkja krongods. Ho kom i privat eige i 1725. I 1803 vart kyrkja kjøpt av bøndene på Byneset og i Buvika.