Byparken i Mosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paviljong i parken
Foto: ZorroIII

Byparken i Mosjøen er ein park i sentrum av Mosjøen, sør for Mosjøen vidaregåande skole. Parken vart etablert i tida 1900-1905 som eit klassisk hageanlegg med element frå ulike epokar innan hagekunsten. Etter plan utarbeidd av Sverre Pedersen 1925 vart parken utvida til det arealet han har i dag. Parken vart freda av Riksantikvaren som kulturminne i 2009, ei freding som vart markert som ein del av feiringa av kulturminneåret 2009.

Gjennom eit arbeid som vart sluttført i 2008, vart halvdelen av parken restaurert med utgangspunkt i bilete og teikningar av parken slik han var i 1905. Ein fjerdedel av parken vart restaurert i samsvar med planane for parken i byplanen av 1948, og ein fjerdepart er utbygd i samsvar med moderne parkideal. Eit fjerde element i parken er paviljongen frå byplanen av 1925. Restaureringa av parken er leia av bygartnar Ragna Berg. Arbeidet er mellom anna finansiert ved at organisasjonar og einskildpersonar har betalt for utplanting av tre i parken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]