Byrdmaniax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byrdmaniax
Studioalbum av The Byrds
Utgjeve 23. juni 1971
Innspelt 2. juni, 6. oktober 1970, 9. til 26. januar, 1. til 6. mars 1971, Columbia Studios, Hollywood i California
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 34:06
Selskap Columbia
Produsent Terry Melcher, Chris Hinshaw
The Byrds-kronologi
Untitled
(1970)
Byrdmaniax Farther Along
(1971)

Byrdmaniax er det tiande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i juni 1971 på Columbia Records.[1] Det kom ut på ei tid då dei førre albuma deira igjen hadde fått positiv kritikk og seld bra, Ballad of Easy Rider og (Untitled).[2][3] Albumet vart hovudsakleg spelt inn tidleg i 1971, medan bandet heldt på med ein omfattande konsertturne.[2][4] Bandet fekk derfor lita tid til å flikke på songane sine før dei spelte dei inn, så mange av songane på albumet er ikkje skikkeleg utvikla.[2] Byrdmaniax vart dårleg teke imot då det kom ut, særleg i USA.[2]

Albumet nådde likevel 46. plass på den amerikanske albumlista, men gjekk ikkje inn på liste i Storbritannia.[5][6] Songen «I Trust (Everything Is Gonna Work Out Alright)» vart gjeven ut som singel den 7. mai 1971 i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på singellista.[1][6] Ein annan singel frå albumet, «Glory, Glory», vart gjeven ut 20. august 1971 og nådde 110. plass i USA.[7] Byrdmaniax er i dag det albumet av The Byrds som har vorte dårlegast moteeke, hovudsakleg på grunn av upassande bruk av strykarar, blåsarar og gospelkor, som vart lagt på songane av produsent Terry Melcher og arrangør Paul Polena, visstnok utan løyve frå bandet.[2][8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Glory, Glory» (Arthur Reynolds) 4:03
2. «Pale Blue» (Roger McGuinn, Gene Parsons) 2:22
3. «I Trust» (Roger McGuinn) 3:19
4. «Tunnel of Love» (Skip Battin, Kim Fowley) 4:59
5. «Citizen Kane» (Skip Battin, Kim Fowley) 2:36
Side to
# Tittel Lengd
6. «I Wanna Grow Up to Be a Politician» (Roger McGuinn, Jacques Levy) 2:03
7. «Absolute Happiness» (Skip Battin, Kim Fowley) 2:38
8. «Green Apple Quick Step» (Gene Parsons, Clarence White) 1:49
9. «My Destiny» (Helen Carter) 3:38
10. «Kathleen's Song» (Roger McGuinn, Jacques Levy) 2:40
11. «Jamaica Say You Will» (Jackson Browne) 3:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Byrds
Andre medverkande
Ukjende musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 542–547. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Fricke, David. (2000). Byrdmaniax (2000 CD liner notes). 
  3. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 226–227. ISBN 1-90600-215-0. 
  4. Eder, Bruce. (1990). The Byrds (1990 CD box set liner notes). 
  5. «The Byrds Billboard Albums». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-byrds-p3810. Henta 19. oktober 2010. 
  6. 6,0 6,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 275–279. ISBN 1-90600-215-0. 
  7. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 282–283. ISBN 1-90600-215-0. 
  8. «Byrdmaniax review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/byrdmaniax-r32044. Henta 19. oktober 2010.