Bystryjkanalen

Koordinatar: 45°21′13″N 29°41′58″E / 45.3536°N 29.6995°E / 45.3536; 29.6995
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bystryjkanalen

Bystryjkanalen (òg kalla Donau-Svartehavet-kanalen, ukrainsk Канал Дунай — Чорне море, rumensk: Canalul Bâstroe) er ein kanal i Donaudeltaet. Han var ein av dei viktigaste ukrainske vassvegane fram til 1959, då han mudra til og transporten stoppa opp.[1]

Det har vore snakk om å opne opp kanalen att for transport. Planen var å lage ei ny rute frå Donanu til Svartehavet med redusert skipskostnader og ein alternativ veg til Romania. Økologar var derimot uroa over kva dette ville gjere med økosystemet i Donaudeltaet.[2] Sidan det meste av Donaudeltaet ligg i Romania, har rumenske styresmakter snakka om å byggje ein 20 km lang kanal som ville ha teke unna det meset av vatnet frå den ukrainske delen av deltaet, slik at kanalen ikkje ville ha kunne nyttast.[3]

Donaudeltaet har vore ein verdsarvstad sidan 1991 og Den europeiske unionen har ofte bede Ukraina om å stoppe prosjektet, og det same har Romania og USA. Worldwide Fund for Nature har sagt at kanalen trugar det viktigaste våtmarksområdet i deltaet, der 70 % av kvitpelikanen og 50 % av dvergskarven i verda lever.

Ukrainske styresmakter sette i gang prosjektet offisielt 26. august 2004 og rumenske styresmakter annonserte planar om å ta saka til den internasjonale domstolen. I mai 2005 møttest deltakarane i Aarhuskonvensjonen og vart samde om politiske sanksjonar mot Ukraina. Ukraina melde at prosjektet foreløpig var stoppa i juni 2005, men planane er framleis aktive.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bystroye Canal (Documentary research)[daud lenkje]
  2. (rumensk) "Canalul Bastroe - o posibila catastrofa ecologica?" ("The Bastroe Channel: a possible ecological catastrophe?", originally posted June 29, 2004 on www.vinatorul.ro available as an archive, archived November 1, 2004 on the Internet Archive.
  3. Romania to Build Counter-Canal in Donau’s Delta, arkivert frå originalen 11. september 2004, henta 8. september 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

45°21′13″N 29°41′58″E / 45.3536°N 29.6995°E / 45.3536; 29.6995