Byte i sosiologien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit byte er i sosiologien ei sosial samhandling, der ulike aktørar byter eit gode mot eit anna gode. Eit byte kan vera økonomisk, slik økonomiske aktørar byter pengar mot varer eller tenester på ein marknad, eller eit byte kan vera symbolsk, slik to menneske utvekslar gåver. Ein kan òg sjå på kommunikasjon som ei form for byte, slik mange såkalla byteteoretikarar gjer; best kjend er kan henda dei nordamerikanske byteteoretikarane George Homans og Peter Blau.

Byte finn stad i bytesfærar, og i moderne samfunn går økonomiske byter gjerne føre seg på marknader, der ein ikkje byter varer mot varer, men varer mot pengar. Eit kjenneteikn ved moderne marknadsøkonomiar er at bytesfærane vert utvida, slik at ein støtt kan byte fleire ting mot pengar. Men av og til vert også bytesfærane avgrensa. Me har til dømes i Noreg i dei siste åra hatt diskusjonar om ein ikkje lenger lovleg skal kunne byte til seg seksuelle tenester mot pengar.