Bøtte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bytte)
For bytte som byttedyr, sjå predasjon
Bøtter i ulik storleik ved ein marknad i Hong Kong.

Bytte, bøtte eller spann er eit vasstett kar som kan brukast til å frakta eller oppbevara noko i. Bøtter er ofte sylinderforma og noko utvidande mot toppen, som ein kjegle. Dei har gjerne rørleg handtak festa til kantane, stundom også lok. Nokre bøtter har også tut som gjer dei enklare å hella frå.

Wasserträgerin, jente med vassbøtte av metall, teikna av Heinrich Zille.
Kvinne med trebøtter frå 1500- eller 1600-talet.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «bøtte» eller «bytte» stammar frå norrønt bytta som truleg kjem frå lågtysk butte. Ordet kan minna om butt, som truleg òg kjem frå lågtysk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Bøtter kan brukast til å plukka, bera og oppbevara ting i, og er nyttige i samband med ei rekkje arbeidsoppgåver. Til dømes kan dei brukast til å henta vatn frå ein brønn eller kran, til å ha med såpevatn under reingjering, og til å samla mindre ting oppi. Ein kan setja ei bøtte ein stad for til dømes å samla drypp frå ein lekkasje eller for å ha sand til bruk ved brann lett tilgjengeleg. Bøtter kan òg brukast til å frakta og selja matvarer i.

Bøtter er også vanlege leiketøy. Dei kan vera del av dokkestell eller sandleiker, særleg brukt på stranda.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt bøtter var laga av tre som ei tønne og festa med vidje eller metall. Dei kunne også lagast av andre materiale, som lêr eller metall. Etter industrialiseringa fekk ein masseproduserte metallbøtter, til dømes sink- eller blekkbøtter, og bøtter av plast blei etterkvart særs utbreidde.

Det finst ulike bøtter tilpassa fleire ulike føremål:

  • Ei potetbøtte har botn med eit gitter som gjer at jord kan dryssa ut medan potetene blir liggande.
  • Ei vaskebøtte kan ha utforming som gjer det dypping og oppbevaring av moppar eller filler, som ei avlang form eller ei mindre korg festa til bøttesida.
  • Mjølkespann har smal topp og tettsitjande lok.
  • Dobøtter og søppelbøtter har lok for å halda lukt eller innhald fråskild frå omverda.

Bildedøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]