Bømlafjorden

Koordinatar: 59°38′25.206″N 5°17′31.117″E / 59.64033500°N 5.29197694°E / 59.64033500; 5.29197694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°38′25.206″N 5°17′31.117″E / 59.64033500°N 5.29197694°E / 59.64033500; 5.29197694

Langevåg på Bømlo ved Bømlafjorden.
Stordabrua sett frå Digernessundet i Bømlafjorden

Bømlafjorden er ein delfjord og den ytste delen av Hardangerfjorden i Sunnhordland i Vestland. Fjorden er 31 km lang og går i nordaustleg leid mellom Sveiofastlandet i sør og Bømlo og Stord i nord. Innløpet til Bømlafjorden og Hardangerfjorden ligg ved Gunnarskjersholet ved Raudholmane og Gunnaskjeret sør for Espevær og nord for havstykket Sletta

Sveio[endre | endre wikiteksten]

Første bygd på Sveiosida av fjorden er Buavåg i enden av den 700 meter lange Buavågen. Frå her går det ferje over til Langevåg på Bømlo. Litt lenger nord ligg Tjernagel og nokre kilometer lenger aust Auklandshamn. Ved Auklandshamn eller Økland går Førdespollen 7 km sørover til Førde.

Nord for Førdespollen ligg grendene Vihovda og Valestrand, og frå ligg eine enden av Bømlafjordtunnelen, som går under fjorden. Like nord for Valestrand ligg Valevåg som tidlegare hadde ferjesamband til Skjersholmane på Stord, før Trekantsambandet vart bygd. Lengst nord i Sveio ligg Tittelsnes og Røysanes ytst på Tittelsnes markerer den sørlege grensa for slutten av Bømlafjorden.

Bømlo[endre | endre wikiteksten]

Like innanfor innløpet til Bømlafjorden ligg den 2,5 km lange og smale Langevåg på Bømlasida, som har ferjesamband over til Buavåg i Sveio. Like nord for Langevåg ligg den 1,5 km lange Vorlandsvågen. Bømlafjorden har ein sidefjord, Børøyfjorden, som strekkjer seg nesten 11 km inn til Sakseid. Aust for innløpet til Børøyfjorden ligg Moster og Mosterhamn.

Mellom Stord og Moster ligg det ei rekkje øyar. To av desse øyane, Spyssøy og Otterøya ligg i Bømlo kommune. På kvar side av Spyssøy går austre Spyssøysundet på austsida og vestre Spyssøysundet og Gassasundet på vestsida. Over desse sunda går Bømlabrua og Spyssøybrua.

Stord[endre | endre wikiteksten]

Aust for Spyssøy ligg Nautøya og Føyno. Frå Føyno går Bømlafjordtunnelen over til Valestrand i Sveio. Mellom Føyno og sjølve Stord ligg Digernessundet. Nord for alle desse fjordane ligg Sagvågsfjorden. På Stord ligg Skjersholmane heilt i sør. Frå her er det ferjesamband over fjorden til Utbjoa i Sveio. Like vest for Skjersholmane ligg Eldøyane og Kjøtteinen der Aker Kværner Stord ligg. Verftet markerer det nordlege punktet for slutten av Bømlafjorden. Lenger aust held Hardangerfjorden fram som Halsnøyfjorden.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Ferjesambandet Langevåg-Buavåg kryssar fjorden, eit stykke på 5,5 km. Frå Skjersholmane på Stord går det ferje til Utbjoa, ei rute på om lag 12 km. Dette ferjesamband går òg langs delar av Bjoafjorden, som går søraustover frå Halsnøyfjorden

Bømlafjordtunnelen, som høyrer til Trekantsambandet går under fjorden frå Føyno i Stord til Valevåg i Sveio. Tunnelen er 7,8 km lang og 260 meter under havoverflata på det djupaste.