Børge Brende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børge Brende

Børge Brende
Foto: Tore Sætre
Fødd25. september 1965 (58 år)
Odda kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, diplomat, advokat, historikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
VervNorsk utanriksminister 16. oktober 2013–20. oktober 2017
FøregangarEspen Barth Eide
EtterfylgjarIne Marie Eriksen Søreide
VervNorsk nærings- og handelsminister 18. juni 2004–17. oktober 2005
FøregangarAnsgar Gabrielsen
EtterfylgjarOdd Eriksen
VervNorsk miljøvernminister 19. oktober 2001–18. juni 2004
FøregangarSiri Bjerke
EtterfylgjarKnut Arild Hareide
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1997–30. september 2009
Verv1. nestleiar i Høgre 10. april 1994–29. mars 1998
FøregangarJohn G. Bernander
EtterfylgjarInge Lønning
Alle verv

Børge Brende (fødd 25. september 1965 i Odda) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre. Han var utanriksminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2017.[1] Brende har sidan den 23. oktober 2017 vore president for World Economic Forum (WEF).[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Børge Brende er utdanna Cand. mag. med mellomfag i historie. Frå 1990 til 1992 var han tilsett som økonomisjef i Brende-entreprenør AS.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1988 til 1990 var Børge Brende leiar for Unge Høgre. Etter det var han frå 1991 til 1997 medlem av formannskapet og kommunalrådet i Trondheim. Han var vararepresentantStortinget i periodane 1989–1993 og 1993–1997, og blei vald inn som stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag i 1997, 2001 og 2005.

Brende var med i regjeringa Bondevik II, først som miljøvernminister (2001–2004) og deretter som nærings- og handelsminister (2004–2005).[4][5] I 2013 blei han ny utanriksminister for Solberg-regjeringa.

Brende var nestleiar i Europabevegelsen (1991–1992) og var leiar av SN-kommisjonen for berekraftig utvikling (2003–2004).

Regjeringar[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Børge Brende blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for hans embetsteneste.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017. 
  2. «Welcoming return for Børge Brende!». World Economic Forum. 23. oktober 2017. Henta 17. januar 2023. 
  3. «Børge Brende: President, World Economic Forum». World Economic Forum. Henta 17. januar 2023. 
  4. NRK (18.10.2001), «Brende blir miljøvernminister», NRK (på norsk bokmål), henta 12.5.2019 
  5. «Børge Brende ny næringsminister», www.dn.no, 18.6.2004, henta 12.5.2019 
  6. «Tildelinger av ordener og medaljer: Børge Brende». Det norske kongehus. Henta 17. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]