C
Leitar du etter programmeringsspråket C++?
| Alfabetet | |||||
| A | B | C | D | E | |
| F | G | H | I | J | |
| K | L | M | N | O | |
| P | Q | R | S | T | |
| U | V | W | X | Y | |
| Z | Æ | Ø | Å | ||
C er den tredje bokstaven i det latinske alfabetet.
Bokstavforma er danna av den tredje bokstaven i det greske alfabetet Γ, γ, som igjen stammar frå den tilsvarande fønikiske bokstaven. Han heiter på hebraisk gimel, og vert av grekarane kalla gamma. På fønikisk og gresk var lydverdien g. Etruskisk hadde ikkje denne lyden og brukte bokstaven for lyden k. Då romarane overtok det etruskiske alfabetet, brukte dei c både for g- og k-lyden. Rester av denne bruken finst i latin, når namnet Gaius vert forkorta til C. og Gnaeus Cn. i skrift. For å skilje mellom lydane g og k danna romarane bokstaven G på 200-talet f.Kr. Gjennom heile oldtida uttalte romarane c som k føre alle vokallyder. Det forklarer at Caesar vart lånt i germanske språk med k-lyd: Kaiser eller keisar, jamfør latinsk cellarium (kjellar), cista (kiste) og liknande. Namnet på bokstaven hos etruskarane og romarane var ce, uttalt ke. Først frå tidleg i mellomalderen, vart han uttalt se.
No vert c uttalt føre e og i som tʃ på italiensk, som ustemt s på fransk, som ein lespande s-lyd på spansk omtrent tilsvarande engelsk th, men som s på spansk-amerikansk og på portugisisk og som tʃ på rumensk. Skal ein uttale c som s på fransk og portugisisk føre andre vokalar, skriv ein ç. Uttalen som k føre e og i vert på italiensk uttrykt ved ch, på spansk og portugisisk ved qu. I dei nordiske språka finst c berre i framandord og vert uttalt føre e, i, y, æ og ø som s, elles som k. Dei same reglane gjeld i engelsk, medan c føre e, i, y på tysk vert uttalt ts. I tsjekkisk, polsk, ungarsk, slovensk og kroatisk rettskriving har c lydverdien ts, i tyrkisk dʒ. C med hake, č, vert nytta i slaviske og baltiske språk og i samisk med lydverdien tʃ. Ord som ikkje finst under č, kan søkast under cz, tsch og tsj.
Innhaldsliste |
[endre] C har tydinga
- det kjemiske symbolet til karbon.
- eininga Coulomb, eining for elektrisk lading.
- symbol for elektrisk kapasitans og for varmekapasitet
- tredje beste karakteren (gjennomsnitt) i høgare utdanning
- tonen C
- På tyske bilskilt: Chemnitz
- På irske bilskilt: Cork
- På norske bilskilt frå før 1971: Akershus fylke
- På svenske bilskilt frå før 1973: Uppsala län
- På spanske bilskilt frå før 2000: La Coruña
- Som uoffisielt nasjonalitetsmerke for Catalonia
- forkorting for Gaius eller Caesar, på latin vanlegvis forkorting for Gaius. På romerske innskrifter og myntar er det mellom anna forkorting for Claudius, Caesar, consul og censor.
- i sement-nomenklatur forkorting for kalsiumoksid, CaO.
- inskripsjon på mynt syner på eldre prøyssisk mynt myntstaden Cleve, etter 1866 og på tysk riksmynt etter 1872 Frankfurt am Main. På austerriksk mynt syner C til Praha og på fransk mynt i eldre tid til Saint-Lô, seinare Caen og no Lille.
[endre] c har tydinga
- centi i til dømes centimeter.
- ofte nytta som symbol for lyssnøggleik og lydsnøggleik.
- konsentrasjon.
- symbol for metrisk karat, 1 c = 0,2 g, masseeining for perler, diamantar og edelsteinar.
- på mynter og frimerke eller liknande er det ei forkorting for cent, centavo eller centime.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «C – bokstav»