Cáceres i Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cáceres
Pano Parte Antigua de Cáceres.jpg
Flagget til Cáceres Byvåpenet til Cáceres
Flagget til Cáceres Byvåpenet til Cáceres


Plassering
Cáceres i Spania is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Extremadura
Provins Cáceres
Grunnlagd 29 fvt.
Borgarmeister María del Carmen Heras Pablos
Geografi
Flatevidd
 - By

1 750,33 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

92 187
  52,7 /km²
Koordinatar 39°28′″N 6°22′″WKoordinatar: 39°28′″N 6°22′″W
Høgd over havet 459 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 10001 - 10005
Nettstad: www.ayto-caceres.es

Cáceres er provinshovudstaden i Cáceres i Extremadura i Spania. Byen har kring 90 000 innbyggjarar og kommunen har eit areal på 1750,33 km², den største kommunen i heile Spania.

Det har vore busetnad nær Cáceres sidan førhistorisk tid. Ein ha funne spor etter dette i grottene i Maltravieso og El Conejar. Byen vart grunnlagd av romarane i 25 f.Kr..

I gamlebyen (Ciudad Monumental) står framleis bymurane frå antikken, og denne delen av byen er kjend for dei mange storkereira. Innanfor bymurane ligg ein mellomalderby utan ytre teikn på modernisering, og av den grunn er det filma mange filmar her. Universidad de Extremadura og to astronomiske observatorium ligg i Cáceres. Byen er òg eit bispesete.

Cáceres vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1986 på grunn av blandinga av romansk, islamsk, nordgotisk og italiensk renssanse-arkitektur. Tretti tårn frå den muslimske perioden står framelis i Cáceres, og av desse er Torre del Bujaco det mest kjende.

Cáceres er ein av byane som kjempar om å verte europeisk kulturhovudstad i 2016.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maltravieso-grotta.

Opphavet til Cáceres går tilbake til førhistorisk tid, med funn av grottemåleri i Cuevas de Maltravieso (Maltravieso-grottene) frå sein steinalder. Turistar kan sjå restar frå romartida, mellomalderen, maurartida og gullalderen for jødisk kultur i Spania. Cáceres har fire hovudområde som kan utforskast: den historiske bydelen, den jødiske bydelen, det moderne sentrumet og utkantstrøka.

Byen vart grunnlagd som Castra Caecilia av Quintus Caecilius Metellus Pius og vart viktig som ein strategisk by under romartida og. Restar av dei første bymurane bygd av romarane på 200-talet og 300-talet eksisterer framleis, inkludert ein port, Arco del Cristo.

La Paz-eremitasjen.

Etter at Vestromarriket tok vestgotarane over byen og han gjekk inn i ein nedgangsperiode fram til arabarane erobra Cáceres på 700-talet. Dei neste hundreåra var han under arabisk styre, men maktforholdet skifta stadig mellom maurarar og kristne. I denne perioden bygde arabarane om byen, med murar, palass og mange tårn, som Torre de Bujaco. Cáceres vart gjenerobra av dei kristne på 1200-talet. I denne perioden hadde byen ein viktig jødisk bydel. På 1400-talet var folketalet nesten 2000, og nesten 140 jødiske familiar budde i Cáceres. Den jødiske folkesetnaden vart drive ut då dronning Isabella og Ferdinand av Aragon kom til makta i 1492, men mange spor frå ruinane er framleis synlege i dag i Barrio San Antonio.

Cáceres blømde under reconquistaen og under oppdaginga av Amerika, og viktige spanske familiar og adlege bygde heimane sine og små palass her. Mange familiar frå Extremadura deltok i reiser til Amerika der dei gjorde seg rike. På 1800-talet art Cáceres hovudstad i provinsen, og byen starta å vokse. Under den spanske borgarkrigen flata folketalet ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource-logo.svg «Cáceres (city)». Encyclopædia Britannica (11. ed.). 1911. 

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cáceres i Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]