Cádiz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cádiz
Cádiz i solnedgang
Cádiz i solnedgang
Flagget til Cádiz Byvåpenet til Cádiz
Flagget til Cádiz Byvåpenet til Cádiz
Kallenamn
«Tacita de Plata»
Plassering
Cádiz is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Cádiz
Grunnlagd 1104 fvt.
Borgarmeister Teófila Martínez
Geografi
Flatevidd
 - By

12,10 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

128 554
  10 624,3 /km²
Koordinatar 36°32′″N 6°18′″WKoordinatar: 36°32′″N 6°18′″W
Høgd over havet 11 moh
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.cadiz.es

Cádiz er ein hamneby sørvest i Spania. Han er hovudstad i provinsen med same namn i den autonome regionen Andalucía.

Cádiz er den eldste kontinuerleg busette byen på Den iberiske halvøya og kanskje i heile Sørvest-Europa[1] , og har vore ein av dei viktigaste marinebasane til den spanske marinen sidan huset Bourbon kom til trona på 1700-talet. Her ligg òg Universitetet i Cádiz.

Cadiz er ein typisk andalusisk by med mange historiske landemerke. Dei eldre delane av byen, med restane av dei gamle bymurane, vert ofte kalla Gamlebyen (spansk Casco Antiguo). Gamlebyen består av mange smale allear mellom store opne plassar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd som Gadir (fønikisk גדר) av fønikarane, som nytta han til å handle med Tartessos, ein bystat som arkeologar meiner låg nær munningen av elva Guadalquivir, om lag 30 km nordvest for Cádiz.

Cádiz er den eldste byen som framleis står i Vest-Europa.[1] Tradisjonelt vert grunnlegginga datert til 1104 f.Kr.,[2] men det er ikkje funne arkeologiske spor som er datert til før 900 f.Kr. Dette kan kome av at Gadir kan ha vore ein liten handelsplass dei første åra.

Seinare kalla grekarane byen for Gadira eller Gadeira. I følgje ei gresk segn vart Gadir grunnlagd av Herakles.[3]

I antikken stod eit tempel tileigna den fønikiske guden Melqart i Gadir, og tempelet stod her visstnok framleis på 200-talet. Enkelte historikarar meiner at søylene i dette tempelet var opphavet til segna om Herkulessøylene.[4]

Rundt år 500 f.Kr. vart byen underlagt Kartago og Cádiz vart ein base for operasjonane til Hannibal då han erobra Sør-Iberia.[5] I 206 f.Kr. fall byen for romerske styrkar under Scipio Africanus. Under romarane vart namnet på byen endra til Gades og han blømde som ein romersk marinebase. Under Augustus levde meir enn 500 equites (medlemmer av ein av dei to øvre samfunnsklassane) i Cádiz, og berre Padova og Roma sjølv hadde fleire. Han var den viktigaste byen i den romerske kolonien Augusta Urbs Julia Gaditana, men etter at Romarriket fall vart han mindre viktig.

På 400-talet overtok vestgotarane makta i Hispania Baetica og øydela den opphavlege byen, som det finst få spor etter id ag. Under maurarane mellom 711 og 1262 vart byen kalla Qādis (arabisk قادس), som det moderne spanske namnet Cádiz kjem frå. Maurarane vart omsider drive bort av Alfons X av Castilla i 1262.

Forsvaret av Cádiz mot engelskmennene, av Francisco de Zurbarán, 1634 (Prado i Madrid)

Under oppdagingstida opplevde byen ein renessanse. Kristoffer Columbus segla ut frå Cádiz på den andre og fjerde reisa si, og byen vart etter kvart heimehamna til den spanske skatteflåten, og byen vart derfor eit stort mål for fiendane til Spania. På 1500-talet vart han fleire gonger utsett for mislukka plyndringstokt av berbar-korsarar. Store delar av gamlebyen brann ned under ein storbrann i 1569. I april 1587 okkuperte Francis Drake og engelskmennene hamna i tre dagar, erobra seks skip og øydela 31 andre, samt øydela mange varehus. Åtaket forseinka den spanske armadaen eit heilt år.[6] Byen vart råka av eit anna raid i 1596 av jarlen av Essex og Lord Charles Howard, som plyndra delar av byen, men som ikkje klarte å halde byen og hamna. Eit anna mislukka britisk raid vart utført av hertugen av Buckingham i 1625, kommandert av Sir Edward Cecil. I engelsk-spanske krigen blokkerte admiral Robert Blake Cádiz frå 1655 til 1657. I slaget ved Cádiz i 1702 gjekk britane igjen til åtak under Sir George Rooke og James, hertug av Ormonde, men dei vart begge drivne tilbake etter ei kostbar omleiring.

På 1700-talet førte sandbankane i elva Guadalquivir til at dei spanske styresmaktene flytta handelsmonopolet med Spansk Amerika frå Sevilla, lenger oppe i elva, til Cádiz, som hadde fri veg til Atlanterhavet. På denne tida opplevde byen ein gullalder der tre fjerdedelar av den spanske handelen med Amerika gjekk gjennom byen. Han vart ein av dei rikaste byane i Spania og hadde handelssamfunn frå mange land. Mange av dei historiske bygningane i byen kjem frå denne perioden.

Mot slutten av hundreåret vart byen utsett for ei rekkje åtak. Den britiske blokaden og omleiringa av Cádiz mellom februar 1797 og april 1798 var som vanleg ein kostbar fiasko. Nelson returnerte frå nederlaget i Santa Cruz og bombarderte byen i 1800. Under Napoleon si erobring av Europa var Cádiz ein av dei få byane i Spania som stod imot den franske invasjonen.

Cádiz var sete for det liberale Cortes (parlament) som kjempa mot Joseph Bonaparte (som regjerte som Josef I) i halvøykrigen og det var i Cadiz at den liberale spanske grunnlova av 1812 vart erklært. Innbyggjarane gjorde opprør i 1820 for å få ei omskriving av den nye grunnlova. Opprøret spreidde seg til resten av Spania og førte til at kong Ferdinand VII vart fengsla i Cádiz. Franske styrkar slepte Ferdinand fri i slaget ved Trocadero (1823) og undertrykte liberalismen. I 1868 var Cádiz igjen åstad for ein ny revolusjon, som førte til at dronning Isabella II abdiserte og flykta i eksil. Det same Cádiz Cortes valde å gjeninnføre monarkiet under kong Amadeo I av Spania berre to år seinare.

I seinare år har byen gjennomgått mykje rekonstruksjon. Mange monument, kyrkjer og landemerke har vorte reinsa og restaurert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Espinosa, Pedro (2007). EL PAIS. Hallado en Cádiz un muro de 3.000 años
  2. Velleius Paterculus, Hist. Rom. I.2.1-3.
  3. Life of Apollonius of Tyana, v.5.
  4. Frå Livet til Apollonius av Tyana
  5. Titus Livius, Ab Urbe condita libri [1]
  6. http://web.archive.org/web/20060427083600/http://www.people.fas.harvard.edu/~ulm/history/eng_armada.htm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cádiz